Uncategorized

Ny i klassen

Eg har alltid hatt stor sympati for dei som må flytte frå sine i svært ung alder (grøsser og skjelver når eg høyrer historier om forfedre som blei sendt heimafrå for å være i tjeneste berre ni år gamle). Hr. Lama er berre eit år og kjem frå det store trøndelaget. Via ei venninne har han no havna her med oss. Eg skal gjere mitt beste for å inkludere han i flokken vår og sjølv om ingen kan erstatte mamma, vil eg påstå at vår brokete forsamling er ein triveleg flokk. Første kvelden tenkte eg at grisene kunne vere eit godt selskap til Hr. Lama, men for eit sør-amerikansk kameldyr er visst griser dei største monstra som tenkjast kan😳 Når Nor vakna og kraup ut frå høydungen var det ikkje håp lengre. Eg fekk med nød og neppe lirka Hr. Lama ut gjennom ei luke før han vart fortært med hud og hår…eller…? Hr. Lama fekk flytte inn på boks og synes det var meir koseleg å bli med på berplukking i hagen neste dag. Vi prøvde eit par dager om berre Elli (som er roligere enn Nor) kunne vinne Hr. Lamas hjerte men den gang ei. I helga hadde eg gjester på minifarmen m.m. Ei av dagens oppgåver var å la Hr. Lama få møte ponnien Troll. Mange folk, hester og ponni… Det er visst nok harmlaust i motsetning til minigris. No deler Troll og Hr. Lama beite og lever fredelig i lag. I alle fall om ein ser bort i frå at Troll stadig skriker høgt at han høyrer til i klassen HESTER ikkje LAMAER😂 (kallar han Hr. Lama i påvente at det skal roe seg blant dei tobeinte ang. kva han heiter…så langt har han fått navnet Peder, Lennart, Laban, Lauritz…😜) 

   

Vi prøvar å halde ruta til Langvatnet ved like  

     

  

Største ørna eg nokon gong har sett held til på varden ovanfor Torviksetrene. Og Enya fann ei gigantisk fjør! Så heldig 👏 

  
  Enno kan ein skimte utsikta frå Haukarbakken…. 

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Å, eg veit ei seter…

Dersom eg skulle forsvinne frå samfunnet bør dykk sjekka setra! Eg har no budd der ei veke, men lurer på om eg egentleg berre kunne fortsatt å budd der. Ja, dersom det ikkje var for at…. Men ok, arbeidet som venter i denne veka er jo óg triveleg. Men lite kan nok overgå å passe geitene på setra. Vi skyssa dei opp på måndag, og det tok sin tid. Dei var visst ikkje i ei slik form som ein skulle tru og drektige Sol måtte helst kvile etter kvart tredje skritt! Men når dei kom opp og eg åpna fjøsdøra, gjekk dei inn å la seg som om dei var heime. Ein morgon sprang ni av dei ned, men når dei pesende måtte ga opp att, trur eg kanskje dei angra seg litt. Og vi har rydda og rydda. Bjørka har spredt seg over heile stølen og eg har drege opp og bort lassevis med småtrær. Lisbeth og Pernille har og teke sin tørn. Torbjørn og jentene overaska meg ein dag eg var nede ein tur med å rydde mykje av dei større bjørkene. Og dei tolv geitene ser ut til å ete alt som veks😊

Når det lei til helg, tikka det inn melding frå idébanken «Elin og Pål» om at det skulle vore eit løp opp til setra. Så da vart «Setra Opp & Ut» arrangert for første gong på søndag. Elin og Pål kom opp laurdag kveld med målsegl og sjokoladekake. Ein kunne vinne idealtid med å komme opp nærmast kl tolv uten å sjå på klokke, eller «idiottid» med å komme fortast opp. Ruben vann idealtid (og hadde óg nest beste tid opp) og Pål vann idiottia. 

   
    
    

Snøfnugg trivest best nære radioen😊
    
    
    
    
   
    
    
    
    

Lucky og deler visst kaffekopp😂
    
    
   

 ….med så mange geiter.. Og maaange fine eventyr😊

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Vår vart til somar

  Dagane flaug, artige og intense i forrykande tempo frå vår til somar i år. Våroinn og innspurt før sommaren med eigne og andres unger seier seg sjølv, men eg ser at mykje av arbeidet i år er slikt arbeid eg skal gjere berre ein gong. Det er godt å tenkje på, og eit soleklart mål er å komme framom arbeidet på alle frontar i staden for å ligge etter på alle frontar! 

No er det omlag ein måned sia den ettermiddagen Marit frå Innovasjon Norge ringte og gratulerte med full uttelling på søknaden. Søknadsprosessen har da vore så lang at eg var på nippet til å gje opp. Uten stønad kunne eg kanskje fortsette arbeidet med Opp & Ut, men ikkje prioritere dette arbeidet framom noko anna. Det ville dermed teke så lang tid å komme i gang at det ville vore vanskeleg å drifte det i praksis. Men så kom endeleg den telefonen, etter eit og eit halvt år med planlegging og justeringer av budsjett m.m. og eit halvt år etter at søknaden var levert. Det føltest som det store startskuddet, og når Opp & Ut fekk nokre oppdrag omtrent på samme tid, var det berre å kaste seg ut i det. 

Det praktiske arbeidet har teke mesteparten av dagane og møter har vore utsatt utallige gonger. Men no er tia komme både for møter, markedsføring og planlegging. Gleder meg!!  

Glimt frå somaren så langt:

Tunet fylt av latter og sol når Bårdshaugen Barnehage hadde Minifarmen med påfølgende middag i storstua. 

   

Etter massiv innsats vart Bondepikenes kafé klar for åpning
    
 

  

   

  

Etter heftig arbeidshelg var det bondepikenes tur til å kose seg i Bondepikenes kafé 

 
    Kulturavdelinga ved Aukra kommune hadde tett program når dei besøkte Surnadal. Her er dei i gang med minifarmen     

    
     

KunSTudio OPP hadde ein fin dag i Trondheim som avslutning for ungene som har hatt leksjoner kvar veke. No venter nye utfordringer i Vilinius for Ramute mens vi er litt lei oss for å miste vår unike kunstner og lærer. 

   

    

Ei avdeling ved Pipelife hadde middag og Minifarmen som somaravslutning  

  

Dersom ein skal stikke av frå jobb nokre dagar, bør alt være under god kontroll før ein trer av. Dyra gir gjerne ein del utfordringar på det..

  …men vi kom oss heimafrå ein tur😊  
  

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Handling til ord

Når dropparenna er festa på dette viset må den  stundom hengast opp att.

 Det har vore intense veker for å helse våren velkommen. No er eg derimot på terskelen til ein miniferie og skal kose meg i vide alpinbakker og late morgoner. Skal oppsummere litt no…

 Oppistua har mange bygninger og det meste har vorte samla på gjennom tidene. Eg skal rydde hus for hus og er i gang med redskspshuset. Ute er sommerfjøsdalen snart ferdig rydda til geitene som snart skal få dalen. Eg har sortert utstyr, antikviteter og skrot og snille Gunnar driv veaskog. Sigfred Gravold har ei nett, lita gravemaskin som er perfekt til å rydde geitegarden med. Eg fekk han óg til å legge ned rør og planert masse der eg skal ha traktorutstyret.

Elli og Nor fann ein dag åpen veg ut av fjøset. Nor sprang opp til hestene der det vart tydeleg gjensynsglede etter lang adskillelse i vinter. Artig å sjå!
Disse to var spesielt små når dei kom til verden. Dei fekk nok ikkje til diinga og vart fort slappe. Den eine greide vi ikkje å berge til tross for hyppig fôring med sprøyte.  
 Dei to neste Oppistuaborgarane kom til på samme dato som gardens yngste datter. Dermed var det mange tilstades for å ønskje velkommen til verden!

Regnbue og Isflak

Vi er mange som er glad i sola😂

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Frå fjord til vidde

Når snøen forsvinn og det lukter vår går pulsen min opp eit par hakk. Eg likar å påstå at det er gardbrukerblodet i årene mine🙊Det er omlag tusen ting eg føler lyt gjerast… først…med ein gong…eventuelt i løpet av dagen… Det kan framstå som fornuftig å avlyse alle avtaler til fordel for praktisk gardsarbeid. Heldigvis var lysta på studietur til Røros for stor til at eg avlyste. Og kanskje har eg lært ett og anna som kan komme Oppistua til gode.  

 Det samarbeidet som ligg til grunn for at Røros har kommet dit det er i dag innen reiseliv er både imponerande og inspirerande. Ganske utruleg at ein bergstad som er bygd og tufta på kun utvinning av kobber fortsatt lever i beste velgående mange tiår etter at gruvevirksomheta er avslutta. Men ikkje er det berre eit fungerande lokalsamfunn med industri og assortert matproduksjon, bergsveinenes etterkommarar er særdeles innovative og utviklar det eine produktet etter det andre. Produkt av råvarer eg ikkje visste var råvarer og produkt eg ikkje visste var eit produkt av kjente råvarer. Og saman har dei bygd opp regionen sin til å bli eit merkenavn som trekker ein million turistar i året! Det bur ca 3700 innbyggjarar på Røros ..berre å bøye seg i støvet. 

Takk til meget godt vertskap på Røros, til SUSU og Den Gode Maten for arrangementet og til sjåføren frå Stenberg Transport for behagelig og «omsalaus» reise, samt alle i følget for mykje latter og gode samtaler 😊

 Bakgård eller typisk gard i Røros sentrum  

Ølsmaking på Vertshuset
    

Den litt pompøse Røros kyrkje
  

Røros bryggeri og mineralvann  

Rester samlet og hengt opp for at ansatte kan benytte seg for å tilbakedrive halsvondt 😉
 

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Gamle og nye tradisjonar

Eg har alltid satt stor pris på påska. Kanskje mest for at vi tradisjonelt leiker oss mykje ute da, og eg er generelt svært glad i nettopp det. Det å kunne kombinere vinterfjella med vårteikna her heime, gir i tillegg ein ganske fantastisk følelse.  

  

   

 Vi har ein «vennefamilie» som er «ekte» friluftsfolk. I tillegg til at dei inspirerer meg mykje, har vi fått mange, aktive dagar i lag gjennom åra. Når eg såg utover seterstølen skjærtorsdagen tenkte eg det kunne vore artig å rota saman påskeskirenn her oppe. Eg rakk knapt inn i selet før eg fekk melding frå våre venner om vi kanskje skulle lage påskeskirenn(!) Haha, vi har litt til felles antagelig! Rennet vart kjempebra og ga både hjernetrim og fysisk trim. Vi var 14 deltakende og gratulerer til Frank for seieren for idealtid og Pernille for beste påskesong😄 Takk til Høyen-damene for nydelige dimplomar, utsøkt pinnebrød og alt anna…vi har heilt klart oppretta ein ny tradisjon. 

    
   

  Tre baller må treffe i gryta   

    

Våre spreke venner tok turen opp langfredag for å planlegge laurdagens renn

 Avslutta seteropphaldet på taket da den eine pipehatten har blese bort

   

  
Vidtas hadde ein overraskelse til meg når eg kom ned att til garden: årets første lam! Spesielt glad for tekslam da eg ønskjer meg ein større saueflokk😊 

 

Categories: Uncategorized | Éin kommentar

I samla flokk

Eg har venner nært og fjernt som tek kontakt og spør korleis det går med meg, mitt og mine. «Mine» er forøvrig ein stor klan med store innbyrdes ulikheter som har eit bunnsolid fellesskap. Eit felleskap som gje ei ubevisst trygghet av at det finnes der ute uansett fysisk avstand. Og eit fellesskap som føles heilt uunnværlig når livets utfordringar bruker stor skrift. Eg er klar over at eg befinn meg mykje i mi eiga boble der eg skifter i stort tempo på mine forskjellige hatter som representerer dei forskjellige jobbene og ansvarsområda mine. Men av og til kjenner eg det lyner til: «husk å være der for andre slik andre er der for meg.» Uansett kor ein befinn seg er det viktig å tilhøyre ein flokk. Om det berre er for å la det ligge som ei vag trygghet i ubevisstheten. Om ein kunne brukt ei slik tankerekke vidare ut i det store samfunnet, korleis kunne verden sett ut da? Ein ungdom som slit hadde kanskje vorte drege videre av sine jevnaldrende. Ei lokalbedrift med utfordringar kunne fått drahjelp av sambygdinger for å få eit løft. Eit land i krise hadde fått ei livbøye frå andre land til krisa var over… Alle i samla flokk… Imagine all this people…!

  

Categories: Uncategorized | Éin kommentar

Minifarmen 

Takk for i dag til Thon Hotell Vårsøg som var her på minifarmen i dag! Samtlige har gode muligheter innen landbruk om det skulle bli behov for å bytte ut de fine saler med litt støv og skitt😄

I morgo vil Opp & Ut få fb-side der det vil bli fleire bilder frå dagen. (Fotograf: Ramute) 

    
    
    
    
    
    
    
    
    
    
 

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Ballita

  Det vert ofte til at eg dveler ved bilder av kyr. Eg har hatt mykje med kyr å gjere gjennom tia og eg kjenner av og til at dette store, klumsete, snille og bøllete dyret betyr noko spesielt. Når eg var lita var det ei ku eg fekk kalle mi. Ballita var lysebrun med stjerner i pelsen. Eg kalla det snøroser men no veit eg det heiter trivselsflekkar. Det seiast at dyra kan få slike stjerner i pelsen når dei har det godt. Ballita hadde plassen sin nærast døra slik at det var enkelt for ei vimsete dråk å følgje med ho. Men eg hadde aldri problemer med å skilje ho ut frå flokken på seterstølen heller. Eg har eit stort bilde av ho i fjøset. 

Som tenåring kunne det bli lite søvn mellom fjøsstella. Den monotone lyden av mjølkemaskinene gjorde det omlag umuleg å ikkje duppe av oppå sagmabøtta. Som etablert gardbrukar med knapp tilgang til arbeidshjelp, var det ikkje automatisk sjukedag om ein hadde høg feber. Eg føler enno kor godt det var da å ligge over kuryggen å sove litt på varmen til dei som mjølka lengst. For ikkje å nevne kor godt det var å ga blandt kyrne om ein var sliten, frustrert, lei, sint eller sår pga. noko frå den kaldare verden utanfor fjøsdøra. Som gravid tenkte eg det var bra eg ikkje var feks. lærar. Så praktisk med møkkarenne når ein har morgonkvalme! Dessuten var utsikta over kuryggene verdens beste inspirasjon. Svært mykje av mine idéer og planar begynte å ta form der. Joda….eg huskar ett og anna negativt óg. Som ei regnfull helg eg tilbrakte i beitene på leit etter bortkomne kalvar mens huset heime var fylt av gjester, musikk og latter. Elendige permisjonsordninger når ein skulle ta seg av ein baby. Dyrlege Andresen og eg i samarbeid med å få på plass framfallen bør, nødslakt etter tragisk uhell, jurbetennelse, krysslammelse…. Men det aller verste minnet er frå første veka i august i 2002. Da reiste alle kyrne frå garden. Det einaste positive eg kunne kjenne da var at dei vart solgt og ikkje slakta. Sjukdom og politikk gjorde det for vanskeleg å være mjølkebonde, men eg trur ikkje eg nokon gong mistrivdest i den jobben. 

Eg skal ikkje bli mjølkebonde att, men eg ønskjer meg no ei ku på garden. Eg har allereie hest, sau, geit, gris, høne, kanin, marsvin, hund og katt. Det er da nære ulogisk å ikkje ha ei ku!? Ikkje NRF (norsk rødt fe) da, seier mor som opplagt meiner det er kjempelurt, ja, kanskje tilnærma nødvendig å kjøpe ei ku (hm, eg har nok ikkje falle langt frå stammen). Søster og gardshjelp starta umiddelbart å legge planer for produksjon av mjølkeprodukter, så da bør eg i alle fall styre unna kjøttfe… Vestlandsfe er kanskje det heilt perfekte for dagens Oppistua?   

 

Categories: Uncategorized | 2 kommentarar

Ledestjerne 

  Nokre dagar er tvilens dagar. Tvil i form av uro som gneg. Ting som ikkje har gått bra tek stor plass og skapar ringar i vatnet som streifar alt anna som dagen omhandler. Stikk litt i morsrollen om at ein ikkje strekk til, for travel som datter, uro for at kanskje ikkje alle dyra har det bra og ikkje minst ei stor, svart tvil om det er lurt å arbeide mot sine satte mål. Eg har vore ein del sjuk i vinter og da har fokuset vore svært kortsiktig. Neste måltid, neste oppgåve… eg er van med å fokusere langsiktig men da gjekk ikkje det. No har eg ledestjerna i sikte att, men den blir litt svak ein gong i blant. I dag forstod eg at eg har hatt den samme ledestjerna heile tia. Sia eg var unge. Da vart eg mykje mobba, men det er ikkje det eg huskar best. Det er den verda eg skapa meg her mellom fjell og fjord. Eg blanda nok saligt virkelighet og fantasi men det fungerte godt for min del. Om det storma omkring meg, så hadde eg mi eiga verd. Mellom fjell og fjord kjenner eg både tru og håp og naturen her er den aller finaste kyrkje. No et det denne verda eg arbeider med å bygge for å slik dele denne fristaden med andre. Bygger noko som allereie er her…det bør eg da klare 😉

Categories: Uncategorized | Éin kommentar

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.