Monthly Archives: juli 2016

Å, eg veit ei seter…

Dersom eg skulle forsvinne frå samfunnet bør dykk sjekka setra! Eg har no budd der ei veke, men lurer på om eg egentleg berre kunne fortsatt å budd der. Ja, dersom det ikkje var for at…. Men ok, arbeidet som venter i denne veka er jo óg triveleg. Men lite kan nok overgå å passe geitene på setra. Vi skyssa dei opp på måndag, og det tok sin tid. Dei var visst ikkje i ei slik form som ein skulle tru og drektige Sol måtte helst kvile etter kvart tredje skritt! Men når dei kom opp og eg åpna fjøsdøra, gjekk dei inn å la seg som om dei var heime. Ein morgon sprang ni av dei ned, men når dei pesende måtte ga opp att, trur eg kanskje dei angra seg litt. Og vi har rydda og rydda. Bjørka har spredt seg over heile stølen og eg har drege opp og bort lassevis med småtrær. Lisbeth og Pernille har og teke sin tørn. Torbjørn og jentene overaska meg ein dag eg var nede ein tur med å rydde mykje av dei større bjørkene. Og dei tolv geitene ser ut til å ete alt som veks😊

Når det lei til helg, tikka det inn melding frå idébanken «Elin og Pål» om at det skulle vore eit løp opp til setra. Så da vart «Setra Opp & Ut» arrangert for første gong på søndag. Elin og Pål kom opp laurdag kveld med målsegl og sjokoladekake. Ein kunne vinne idealtid med å komme opp nærmast kl tolv uten å sjå på klokke, eller «idiottid» med å komme fortast opp. Ruben vann idealtid (og hadde óg nest beste tid opp) og Pål vann idiottia. 

   
    
    

Snøfnugg trivest best nære radioen😊
    
    
    
    
   
    
    
    
    

Lucky og deler visst kaffekopp😂
    
    
   

 ….med så mange geiter.. Og maaange fine eventyr😊

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Vår vart til somar

  Dagane flaug, artige og intense i forrykande tempo frå vår til somar i år. Våroinn og innspurt før sommaren med eigne og andres unger seier seg sjølv, men eg ser at mykje av arbeidet i år er slikt arbeid eg skal gjere berre ein gong. Det er godt å tenkje på, og eit soleklart mål er å komme framom arbeidet på alle frontar i staden for å ligge etter på alle frontar! 

No er det omlag ein måned sia den ettermiddagen Marit frå Innovasjon Norge ringte og gratulerte med full uttelling på søknaden. Søknadsprosessen har da vore så lang at eg var på nippet til å gje opp. Uten stønad kunne eg kanskje fortsette arbeidet med Opp & Ut, men ikkje prioritere dette arbeidet framom noko anna. Det ville dermed teke så lang tid å komme i gang at det ville vore vanskeleg å drifte det i praksis. Men så kom endeleg den telefonen, etter eit og eit halvt år med planlegging og justeringer av budsjett m.m. og eit halvt år etter at søknaden var levert. Det føltest som det store startskuddet, og når Opp & Ut fekk nokre oppdrag omtrent på samme tid, var det berre å kaste seg ut i det. 

Det praktiske arbeidet har teke mesteparten av dagane og møter har vore utsatt utallige gonger. Men no er tia komme både for møter, markedsføring og planlegging. Gleder meg!!  

Glimt frå somaren så langt:

Tunet fylt av latter og sol når Bårdshaugen Barnehage hadde Minifarmen med påfølgende middag i storstua. 

   

Etter massiv innsats vart Bondepikenes kafé klar for åpning
    
 

  

   

  

Etter heftig arbeidshelg var det bondepikenes tur til å kose seg i Bondepikenes kafé 

 
    Kulturavdelinga ved Aukra kommune hadde tett program når dei besøkte Surnadal. Her er dei i gang med minifarmen     

    
     

KunSTudio OPP hadde ein fin dag i Trondheim som avslutning for ungene som har hatt leksjoner kvar veke. No venter nye utfordringer i Vilinius for Ramute mens vi er litt lei oss for å miste vår unike kunstner og lærer. 

   

    

Ei avdeling ved Pipelife hadde middag og Minifarmen som somaravslutning  

  

Dersom ein skal stikke av frå jobb nokre dagar, bør alt være under god kontroll før ein trer av. Dyra gir gjerne ein del utfordringar på det..

  …men vi kom oss heimafrå ein tur😊  
  

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Blogg på WordPress.com.