Ballita

  Det vert ofte til at eg dveler ved bilder av kyr. Eg har hatt mykje med kyr å gjere gjennom tia og eg kjenner av og til at dette store, klumsete, snille og bøllete dyret betyr noko spesielt. Når eg var lita var det ei ku eg fekk kalle mi. Ballita var lysebrun med stjerner i pelsen. Eg kalla det snøroser men no veit eg det heiter trivselsflekkar. Det seiast at dyra kan få slike stjerner i pelsen når dei har det godt. Ballita hadde plassen sin nærast døra slik at det var enkelt for ei vimsete dråk å følgje med ho. Men eg hadde aldri problemer med å skilje ho ut frå flokken på seterstølen heller. Eg har eit stort bilde av ho i fjøset. 

Som tenåring kunne det bli lite søvn mellom fjøsstella. Den monotone lyden av mjølkemaskinene gjorde det omlag umuleg å ikkje duppe av oppå sagmabøtta. Som etablert gardbrukar med knapp tilgang til arbeidshjelp, var det ikkje automatisk sjukedag om ein hadde høg feber. Eg føler enno kor godt det var da å ligge over kuryggen å sove litt på varmen til dei som mjølka lengst. For ikkje å nevne kor godt det var å ga blandt kyrne om ein var sliten, frustrert, lei, sint eller sår pga. noko frå den kaldare verden utanfor fjøsdøra. Som gravid tenkte eg det var bra eg ikkje var feks. lærar. Så praktisk med møkkarenne når ein har morgonkvalme! Dessuten var utsikta over kuryggene verdens beste inspirasjon. Svært mykje av mine idéer og planar begynte å ta form der. Joda….eg huskar ett og anna negativt óg. Som ei regnfull helg eg tilbrakte i beitene på leit etter bortkomne kalvar mens huset heime var fylt av gjester, musikk og latter. Elendige permisjonsordninger når ein skulle ta seg av ein baby. Dyrlege Andresen og eg i samarbeid med å få på plass framfallen bør, nødslakt etter tragisk uhell, jurbetennelse, krysslammelse…. Men det aller verste minnet er frå første veka i august i 2002. Da reiste alle kyrne frå garden. Det einaste positive eg kunne kjenne da var at dei vart solgt og ikkje slakta. Sjukdom og politikk gjorde det for vanskeleg å være mjølkebonde, men eg trur ikkje eg nokon gong mistrivdest i den jobben. 

Eg skal ikkje bli mjølkebonde att, men eg ønskjer meg no ei ku på garden. Eg har allereie hest, sau, geit, gris, høne, kanin, marsvin, hund og katt. Det er da nære ulogisk å ikkje ha ei ku!? Ikkje NRF (norsk rødt fe) da, seier mor som opplagt meiner det er kjempelurt, ja, kanskje tilnærma nødvendig å kjøpe ei ku (hm, eg har nok ikkje falle langt frå stammen). Søster og gardshjelp starta umiddelbart å legge planer for produksjon av mjølkeprodukter, så da bør eg i alle fall styre unna kjøttfe… Vestlandsfe er kanskje det heilt perfekte for dagens Oppistua?   

 

Categories: Uncategorized | 2 kommentarar

Innleggsnavigasjon

2 thoughts on “Ballita

  1. Ååååå, jeg har også lyst på vestlandsk fjordfe eller noe i den retninga ; -) Som kan beite på stølen om sommeren, den gror jo snart igjen…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.

%d bloggarar likar dette: