Monthly Archives: februar 2016

Ballita

  Det vert ofte til at eg dveler ved bilder av kyr. Eg har hatt mykje med kyr å gjere gjennom tia og eg kjenner av og til at dette store, klumsete, snille og bøllete dyret betyr noko spesielt. Når eg var lita var det ei ku eg fekk kalle mi. Ballita var lysebrun med stjerner i pelsen. Eg kalla det snøroser men no veit eg det heiter trivselsflekkar. Det seiast at dyra kan få slike stjerner i pelsen når dei har det godt. Ballita hadde plassen sin nærast døra slik at det var enkelt for ei vimsete dråk å følgje med ho. Men eg hadde aldri problemer med å skilje ho ut frå flokken på seterstølen heller. Eg har eit stort bilde av ho i fjøset. 

Som tenåring kunne det bli lite søvn mellom fjøsstella. Den monotone lyden av mjølkemaskinene gjorde det omlag umuleg å ikkje duppe av oppå sagmabøtta. Som etablert gardbrukar med knapp tilgang til arbeidshjelp, var det ikkje automatisk sjukedag om ein hadde høg feber. Eg føler enno kor godt det var da å ligge over kuryggen å sove litt på varmen til dei som mjølka lengst. For ikkje å nevne kor godt det var å ga blandt kyrne om ein var sliten, frustrert, lei, sint eller sår pga. noko frå den kaldare verden utanfor fjøsdøra. Som gravid tenkte eg det var bra eg ikkje var feks. lærar. Så praktisk med møkkarenne når ein har morgonkvalme! Dessuten var utsikta over kuryggene verdens beste inspirasjon. Svært mykje av mine idéer og planar begynte å ta form der. Joda….eg huskar ett og anna negativt óg. Som ei regnfull helg eg tilbrakte i beitene på leit etter bortkomne kalvar mens huset heime var fylt av gjester, musikk og latter. Elendige permisjonsordninger når ein skulle ta seg av ein baby. Dyrlege Andresen og eg i samarbeid med å få på plass framfallen bør, nødslakt etter tragisk uhell, jurbetennelse, krysslammelse…. Men det aller verste minnet er frå første veka i august i 2002. Da reiste alle kyrne frå garden. Det einaste positive eg kunne kjenne da var at dei vart solgt og ikkje slakta. Sjukdom og politikk gjorde det for vanskeleg å være mjølkebonde, men eg trur ikkje eg nokon gong mistrivdest i den jobben. 

Eg skal ikkje bli mjølkebonde att, men eg ønskjer meg no ei ku på garden. Eg har allereie hest, sau, geit, gris, høne, kanin, marsvin, hund og katt. Det er da nære ulogisk å ikkje ha ei ku!? Ikkje NRF (norsk rødt fe) da, seier mor som opplagt meiner det er kjempelurt, ja, kanskje tilnærma nødvendig å kjøpe ei ku (hm, eg har nok ikkje falle langt frå stammen). Søster og gardshjelp starta umiddelbart å legge planer for produksjon av mjølkeprodukter, så da bør eg i alle fall styre unna kjøttfe… Vestlandsfe er kanskje det heilt perfekte for dagens Oppistua?   

 

Categories: Uncategorized | 2 kommentarar

Ledestjerne 

  Nokre dagar er tvilens dagar. Tvil i form av uro som gneg. Ting som ikkje har gått bra tek stor plass og skapar ringar i vatnet som streifar alt anna som dagen omhandler. Stikk litt i morsrollen om at ein ikkje strekk til, for travel som datter, uro for at kanskje ikkje alle dyra har det bra og ikkje minst ei stor, svart tvil om det er lurt å arbeide mot sine satte mål. Eg har vore ein del sjuk i vinter og da har fokuset vore svært kortsiktig. Neste måltid, neste oppgåve… eg er van med å fokusere langsiktig men da gjekk ikkje det. No har eg ledestjerna i sikte att, men den blir litt svak ein gong i blant. I dag forstod eg at eg har hatt den samme ledestjerna heile tia. Sia eg var unge. Da vart eg mykje mobba, men det er ikkje det eg huskar best. Det er den verda eg skapa meg her mellom fjell og fjord. Eg blanda nok saligt virkelighet og fantasi men det fungerte godt for min del. Om det storma omkring meg, så hadde eg mi eiga verd. Mellom fjell og fjord kjenner eg både tru og håp og naturen her er den aller finaste kyrkje. No et det denne verda eg arbeider med å bygge for å slik dele denne fristaden med andre. Bygger noko som allereie er her…det bør eg da klare 😉

Categories: Uncategorized | Éin kommentar

Lystbetont arbeid

Eg tenkjer omlag kvar kveld at eg skal være raskere i fjøset neste morgon til fordel for andre ting. Det burde da ga når det ikkje er noko ekstra på plana….men nei. Når eg entrar fjøset kjem eg som vanleg i ein «kosar-meg-med-arbeidet» modus og ordnar noko her og noko der. Det går fort eit fem-minutt til kosing over gjerdet med Lucky (geit), grisene vil prate litt, fjordingen må trene på å ga fint og kaninen vil gjerne ha klapp. Til og med ein av sauene, Flekken (bekkre som skal slaktast!) må ha litt kontakt kvar gong eg fyller vatn. Det er sjølvsagt trivselskapande for både folk og fe med slike stunder, så da får eg vel ofre litt effektivitet og heller tenkje at det er godt helsearbeid. I dag var forresten Troll laus i fjøset når eg kom ut. Han rakk å begynne på søppeldunken før eg fekk leid han på plass. Teo har sleika grautkjelen min og Lia har gøymt Teo’s yndlingsleike ute i snøen. Jaja…. Litt farsk får ein tåle. 

 
Desse møtte meg utenfor garagen ein dag. Dei angra stort på at dei hoppa over gjerdet og var utolmodige på å få inn att. «Vent, eg skal berre skifte først!»😳

   
Så fint når eg henta ved sist!

   

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Mobilt arbeid

Eigentleg skulle eg ha feira denne veka, for lanseringa av heimeside var ein liten milepæl. Det ligg nokre timar arbeid bakom slikt…😜 Men nokon veker går med i sjåførvirksomhet. Det er visst økonomisk med sentralisering, så da køyrer eg til byene i forskjellige himmelretninger for å få nødvendig oppfølging av dei eg har ansvar for. Ei slik veke er det no. Det gjekk radigt på Molde sjukehus i dag, så no sit eg på bassengkanten i Moldebadet. Nokon er såpass ofte innom helseetaten at det er behov for å kombinere med fornøyelser ein gong i blant. Litt uvant å være publikum, men det er vel ikkje populært om eg dypper foten med eit titals sting nedi det freistande vatnet. Sikkert ikkje så lurt, heller. Men eg har med studiemateriale for eg hater å kaste bort tid. Kanskje litt teit forresten, at studiemateriale for tida er om eigen gard😂 I går var det ein på telefonen som sa eg måtte sjekke mail og svare når eg kom heim frå Orkanger. Fungerer ikkje slik, nei! Eg kan både sjekke og svare frå mobilen/min mobile arbeidsplass. Så det så😊 

 
Sjekk den rykende ferske hjemmesiden: http://www.oppogut.com

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Store, lille verden

Sist eg skreiv var det barfrost. Når eg ser ut no innser eg at det er ganske lenge sia eg blogga… Derimot har eg brøyta mykje snø!! Og no er hjemmesida til Opp & Ut omlag klar for verden. Eg er spent på korleis den vil bli motteke der ute. På styremøte i januar fekk vi litt oversikt over status quo, og eg gler meg fortsatt til fortsettelsen. I alle fall om vi får eit positivt svar frå Innovasjon Norge snart. Neste delmål no er infomøte og bedriftsbesøk. Ja, eg har forresten óg øvd meg på å ha små delmål. Eg har fått råd om å gire ned ei stund og da er det lurt å ha små, små delmål. Og sjølv om eg har sjekka ut låg-gira, har jo ikkje verden stoppa av den grunn. Eit skikkelig innblikk ut i verden fekk eg på Næringlivsdagen som Surnadal Sparebank ganske nylig arrangerte. Sjølv om å høyre på Eva Joly føltes meir som å få innblikk i ein thriller produsert i Hollywood enn at det sannsynlegvis gjeld den framtidige verda vår. Snart er det landbrukskonferanse med den samme, flinke arrangøren bak.  Eg minnast mykje spenning gjennom åra i forumet landbruk. Men aller mest, er det jo triveleg. 

   Haltepink på tur: rett fram i lysløypa

  …og snøen laver ned…

 Takk og pris for min lojale, nøysomme massey 😄  Vi har helsa Teodor velkommen til gards! Heldigvis fann han tonen med dei to andre marsvina med ein gong
 Takk til dykk som har orka å sjekke om skrivesperra mi avtok. Å sjå at det er aktivitet på bloggen motiverer til å komme i gang att.

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Blogg på WordPress.com.