Monthly Archives: desember 2015

Opp og ut!

Oppistuas gode hjelpere har gjeve meg så mykje fri no at eg nest har gløymt at eg har gard! Dyra har nytt det beste stell medan eg har begynt og avslutta dagene når det passa meg. Men i kveld kom endeleg arbeidslysta krypende tilbake. Medan unger forvandla store deler av låven til leikestova (bra dei har det artig😳), fekk Massey’en endeleg kjettinger på to hjul. Mistenker at det vil bli is framover, så kanskje den skal få to til i morgo. Satsar på at arbeidslysta veks for kvar dag framover så det er retteleg fullt når vi bigger nyåret!😊 

  Har ganske råflott arbeidslys! 

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Jul og solsnu

Jentene har sukka litt over at eg har talt dagar til solsnu medan dei har foreteke nedtellinga til jul. Dei har baka og fyllt opp alle bokser, fryseren er fyllt opp av dei som kan å lage mat, og eg har ordna jul i stovene. I tillegg gler eg meg dagleg over å ha komme i ein ny fase i arbeidet med Opp & Ut. Styrelederen har endeleg fått sendt inn søknaden til Innovasjon Norge med de følger at eg no kan arbeide med markedsføring i staden for å bruke tid på budsjett. Enda ein grunn til å feire! Eg hadde tenkt at eg skulle legge bort alt arbeid i juleferien (minus fjøset sjølvsagt), men no er det så artig at det vert nok for freistande å snike seg til nokre tidlege morgentimer med mac’en. 

Vi ønska oss snø til jul, for vi elskar snø! Men vi skal sjølvsagt kose oss sjølv om vi ikkje kan boltre oss i typiske vinteraktiviteter. Og for dykk som ikkje kan skjønne at vi foretrekk snø framfor den praktiske tilværelsen uten: sjå på bilda her frå jula for to år sia, kor artig og fint det er i tillegg til at verden vert litt lysare.   
    
Dette var utsikta frå gluggene på låven i dag, lillejulaften. Slett ikkje så verst egentlig, og kvar dag no vil det bli litt lysare! 😄

God jul godtfolk!!

  

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Litt att til jul

Eg ligg på sofaen og søv for andre dagen. Og trur det er for første gong i år. I alle fall for meir enn ein halvtime.  Eg har fått eit lass med pencilin så det vert nok snart bra. Bekkeren fekk pencilin kvelden før meg. Med dyr er det nemleg slik at ein kan ringe ein vakttelefon og så får ein behandling etter ca ein time. Altså halve av den tia eg tilbrakte på legesenteret i går. Bekkeren ser ut til å bli bra, og det blir nok eg óg. Dessutan er eg så glad for kårfolket mitt! Vidtas og Ramute passer alle dyra i fjøset, eg har stort sett berre bidrege med å sette pencilinsprøyte. Men i dag kom eit trist bud frå stallen. Den eine av Sol’s killinger hadde kommet seg i den delen av fjøset som er under ombygging og falt i kjelleren. Den var død når Vidtas endeleg fann han. I tillegg har eg teke avskjed med hunden Telma i kveld. Det er egentleg positivt, for det er lenge sia eg bestemte at vi må ha ein hund mindre, og ho skal no på prøve til ei som jobber i ein stall på Byneset. Men trist likevel! 

Om fem dagar snur sola og om sju dagar vert det jul. Da er det lysere tider att!    
I normal tilstand speler eg gjerne piano når eg skal slappe av. Med publikum er alle stykker meir utfordrande, ikkje minst når det vert filma! Men denne «julefilmsnutten» som venninnen min, Linda Botten filmet florerer no på fb, så da kan den vel likegodt delast her óg☺️

Categories: Uncategorized | 2 kommentarar

Bort og fri

Eg har valgt meg ein situasjon med tre jobber: dagleg leiar i Opp & Ut, ped.leder i friluftsbarnehage og gardbrukar. To av dei jobbene, og spesielt sistnevnte, gjer at det er vanskeleg å ta heilt fri når ein er heime. Så da er det nødvendig å reise bort ein gong i blant for å koble ut ansvaret. Heldigvis er eg god på det når eg først har kommet meg heimefrå. Eg var sjølvsagt litt forundra når det ringte frå Oppistua til meg i Trondheim i helga, men eg fekk ikkje nevneverdig høg puls av at Oppistua sa:-Nina Torvik brann, Nina Torvik brann. Eg avslutta den monotone samtalen i trygg forvissing om at Vidtas ordna opp med branner óg i tillegg til dyr og alt anna. Fantastisk godt å tilbringe ei helg med godt vertskap på Heimdal! Men no er eg klar for ei sprengfull arbeidsveke før juleferien så smått skal sleppe til. Og innbaka i arbeidet er det mengder med hygge med dei ti dyreslaga på garden som lever i eit noko kaotisk fellesskap 😊 

    
   

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Ups and downs

Kvardagen bringer både oppturer og nedturer. Deler gjerne oppturene mens nedturene er forbeholdt min egen løvestyrke og den aller hardeste kjerne😝 Sist helg var det nok ein gong gode naboer som stod for oppturen. Med godt arbeidslag kom båtane i hus og vi avslutta ei sosial økt med enda meir sosial lunsj. I går fekk eg endeleg kjaurt det to og eit halv tonn store lasset med kreosot-materialer til Hamos, så da er det klart for å sko Massey’en med kjettinger. (Traktorhengeren har stått så lenge ved vegen med det lasset no, at det sannsynligvis hadde vorte eit landemerke 😳). Dessuten fekk eg med heim att ett tonn singel eg skal bruke til strø. Og enda fekk eg mellom anna kappa ned høgda på hestegjerdet og snekkert litt meir på det. Mesta litt kry😄

    Eg kjenner ingen som kan presisjonrygging slik som Tom Allan. 

  To cm klaring☺️  
 

Trebåten «Migle» var det større utfordring med å få i hus. Den er så tung at den måtte vinsjes inn. Men i dette arbeidslaget er det aldri problemer. Akkurat etter min smak, det😉  
  

Categories: Uncategorized | 2 kommentarar

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.