Monthly Archives: november 2015

Håholmen

Ja…når ein treffer på å få slik utbytte av eit todagers kurs som eg gjorde denne veka, da veit ein at det var vél anvendte pengar!! (Det må nevnast at kurset i tillegg var godt sponsa av IN og derav også forholdsvis rimeleg). Børre Berglund veit visst AKKURAT kva ein treng å lære meir om når ein er dagleg leder i Opp & Ut. Dei to dagane var fullpakka av kunnskap som eg treng til akkurat det arbeidet eg sit med desse vekene. Pakketering og prising. Det var sjølvsagt derfor eg meldte meg på, men det er ikkje kvar gong ein kan erkjenne at alle timane var nyttige og kanskje tom. nødvendige.

Men opplevinga starta allereie når eg dro heimefrå tidleg torsdag morgon. Først to og ein halv time kvalitetstid med søster/veninne i bilen, så Atlanterhavsveien, og så båtskyss ut til Håholmen (at ein må ta båt for å komme fram er faktisk noko som løftar heile konseptet mange hakk for min del). Godt innlosjert på triveleg rom med gigantisk seng, var det berre å glede seg til stormen. Tenk å treffe på det! Av alle årets dagar fekk eg på kurs ut dit akkurat på dagar med storm. Det var ikkje så mykje å sjå første kvelden da, men taklampenes dans og levenet rundt møntaket lagde bra stemning. Etter maaange fagtimar virka det kanskje litt tungt å setje seg for å sjå filmar om Håholmen og Saga Siglar, men med ei flaske mørkøl planta i handa vart eg heilt oppslukt av historiane. Både av dei fantastiske arbeidarane som bygde store formuer av klippfisk på denne lille øya, og av Ragnar Thorseth som hadde ein slik styrke og var så trygg  på omgivelsane at han kunne segle vikingskipet Saga Siglar rundt jorda, og ikkje minst ro robåt aleine til Shetland. Eg fekk og eit innblikk i historia kring vikingskipa Gaia og Oseberg. Eg osar av respekt.

Vi kroka oss mot stormen mellom kinosalen og retauranten der eg fekk enda ein stor oppleving. Da handla de om kvalkjøtt og klippfisk. Og god vin…   Om ein skal prøve på å være litt kritisk i tillegg til alt dette suverent postitive, så er det at vertskapet gjerne skulle ha vore med på det forige kurset eg var på. Det heite «Det gode vertskap». Jens kunne det nok litt frå før og bau på seg sjøl, men der hadde dei ein god del å ga på.

No har det seg slik at Marys Pla(c)e stilte med fotograf, (Martha Torvik). Så værsegod: nyt Håholmen og stormen!

   

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

  

Eg prøvde då godt eg kunne å halde eit auge med fotografen😄
  

  

  

 

 

Categories: Uncategorized | Éin kommentar

Ok, Kong Vinter

Eg er alt for glad i den kvite vinteren til å ikkje ønskje den velkommen, men kvart år skulle eg egentlig gjort LITT til før den kom. Men ligg faktisk ikkje så aller verst an, da. Sommerens effekter er fløtta bort, dyra i hus, sauene nyklippa (takk til Solmund, Olav og gjestfriheta på Vollan!), og i dag fekk eg god hjelp til å gjere om festlokalet til redskapshus att. Da er det å ta inn båter, flytte litt meir jord, ferdigstille gjerde og køyre bort skrot som står att😳 Men uansett; blir glad av snø😄

Vidtas leder an til Vollan for klipping   
Hm, korleis planet kom dykk frå?😂

   
Snille naboer på helgaarbeid. Takk Liv og Gunnar! Og Roger som var her i går😊

    
  

Disse to kom til verda dagen etter at eg fann dei to første. Solskinn er mor og kjea har fått navna Fnugg og Skare😊 

Martha var dreng for meg i dag så eg fekk leve ut litt B-mennesket. Da vart det jo ein fin bildeserie óg. Herlig med gode fotografer omkring seg😄 Berre gled dykk med meg:

   
    
    
    
    
    
   

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Forøking

I natt var det utriveleg i TV-stua. Sjølv om det heile verkar uverkeleg, føles Paris ganske nært. Kanskje óg fordi det ikkje er så lenge sia vi hadde nokon flotte dagar i den vakre byen. Men når natta var omme, fjøsdressen på og eg vart møtt i geitehagen av to nydelege nykommarar, låg den store verden fjernt i horisonten att. (Skal ikkje så mykje til for å bli navlebeskuende!😳) Nok ein gong har eg bomma litt. Var sikker på at gamle Solskinn kom til å få killinger først, så ho har vore innlosjert i fjøset ei god stund no. Men neida, Sol fekk tvillinger for første gong, utendørs, men heldigvis uten problemer. Ho er ei utmerket mor som det aldri har vore noko utfordringar med.  

   
I går var eg på Valsøya og henta meg ein kjekk og snill gut. Alltid triveleg å ta ein tur til vakre Valsøya og drikke kaffe med Johannes, og ikkje minst få litt meir opplæring i sauehald!  

   Vår lille gnagerbestand vaks óg litt for ei stund sia. To marsvin kom flyttande frå Øra og har no funne seg godt til rette som grisenes naboer. Dessuten er Teo storførngd men den nye «TV-kanalen» 😂 

 

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Stolt mor/stolt dagleg leiar

Som eg har skreve om tidlegare, sendte KunSTudio OPP inn seks bidrag til den store internasjonale kunstkonkurransen for barn i Tsjekkia. Det var over sytti land som deltok, nære 22000 innsendte bidrag og omlag 500 premierte. Altså henger nok utmerkelsen høgt for alle og ein kvar, men… I eit nyoppstarta kunsstudio i eit nyoppstarta firma er det jo meir som eit eventyr! Og konsulen som var utsendt frå den tsjekkiske ambassadøren for å gjennomføre overrekkelsen, trur eg syngest det var minst like artig som vi. Oppdraget var i seg sjølv ærefullt og staselig for han, og når han i tillegg fann oss på ein slik plass som i Torvik, var han overmåte imponert. Eg fekk med fleire innspel og råd på vegen videre, og han tilbaud seg meir eller mindre å være ein innfallsport til det tsjekkiske turistmarkedet. En god dag på jobb, kan man si…

Men aller mest ein god dag som mamma❤️ Det var jo «mi» Kaja Sofie som mala det no relativt berømte måleriet «Dancing troll in the moonlight». Vi har visst om resultatet sia tidleg i somar og har vorte litt van med tanken. Men med konsul og journalister til stades, fekk vi klart kjenne på æra. Slik som da vi tidlegare kikka på nettsida for konkurransen og såg Norge i mellom alle dei andre landa. 

«Dancing troll in the moonlight»

  Alle seks innsendte bidrag 

  Kaja Sofie og Oddvar Kr. Karlsen

  

  …og Ramute Baltruniene

  

  Ikkje kvardagskost med papparazzi-stemning i Bæbua der KunSTudio OPP held til

  

Alle måtte skrive seg inn i konsulens bok😄 

  I andre land er visstnok slike overrekkelser storstilte seremonier med flagg og fanfare. Men i lille Norge er vi særdeles nøgd med eit triveleg kakelag. Kaja sjølv har sjølvsagt bidrege med ostekake😉  
  Karlsen satte stor pris på å få med seg boka om Oppistua heim att 
 Fin artikkel i TK, med henvisning på framsida   
 
Link til artikkel i DRIVA:

http://www.driva.no/_incoming/2015/11/11/Den-eneste-i-Norge-11795061.ece

Link til konkurransene nettside: http://www.mdvv-lidice.cz/en/current/awards/

Categories: Uncategorized | Éin kommentar

Snart startklar

  
 No er det omlag klart for lansering av dei fire første aktivitetene for Opp & Ut. I samarbeid med Vårsøg Hotell har vi funne fram til det vi trur kan bli bra motteke no i starten. «Fjord og Fjære» vil omfatte fisking meg guide, oppgåveløysning i fjæra og bålkos. «KunSTudio OPP» tilbyr leksjoner i mange forskjellige teknikker innen kunst, «Minifarmen» vil utfordre gjestane i oppgåveløysning på garden ut i frå det arbeidet årstida byr på, og «Historisk Kulturvandring» vil gje eit innblikk i livet dei levde mellom fjord og fjell i gamle og enda gamlare dager. Markedsføringsarbeidet er godt i gang, avtaler under utarbeiding og endelig snart klar for å avlevere ein av dei viktigaste søknadene adressert til Innovasjon Norge. 

Historisk Kulturvandring fikk eit godt tilskudd til framsyning i dag. Anders kom med sin agria basen for å innlosjere den på låvebrua for vinteren. Det er ein traktor frå 1960-talet med 10 hk. Ein særdeles spesiell farkost som opprinneleg kjem frå Strand, ca halv mil herfra. 

Såg litt ut som at desse prøva ut kulturvandring i dag😊 

   

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Restart

Eg hadde eit fridøgn på setra i helga. Hadde nære gløymt magien der oppe… På tur ned att kjente eg energien og pågåviljen for komande kvardag strømme gjennom kroppen. Ikkje ein gong haustens store musebestand greide å fjerne magien. Sia haustferien har den allereie rukke å rota ein heil del. Eg valgte kjøkkenet som soverom så eg kunne sove saman med hundene. Som om dei er i stand til å halde musa borte! Da ofra eg den fantastiske utsikta frå loftglaset når eg vakna neste morgon. Hm…skal ga opp med musgift ein dag.  

Tru om det er tørkepapir i vinterens musehus😳

 Hadde med opp ny hoggstabbe. Var akkurat så tung at eg greide å få den inn😂 sjå den gamle til høgre…jammen ikkje mykje att av den!

 Søndag flytta disse guttene ned frå somarfjøset.  

 Det var kanskje godt for dei og heilt klart godt for oss folka i rundt. Sjølv om arbeidsmengda sjølvsagt auka ein del. Og det nye gjerdesystemet mitt: det skjer ut til å funke!! Så artig når ein får til noko nytt👏 

   
No skal eg være supereffektiv på kontoret,  for da kan eg kanskje arbeide ute att i morgo😄

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Blogg på WordPress.com.