Monthly Archives: oktober 2015

Med musikk på øret…

  No har eg hatt tre dager med garden som arbeidsplass, omgjeve av dei vakreste haustfargene, under blå himmel med musikk på øret. På arbeidsplana stod riving av gamal og bygging av nytt gjerde til hestene. Har jammen studert ein del gjerder dei siste åra!! Kva er god høgde for kvart enkelt dyreslag, kva materiale er mest funksjonelt, korleis få til praktiske foringsplasser og god innkøyring for traktor, og ikkje minst: kva er fint? Men det siste bryr eg meg berre om dersom det er omkring tunet. 

Legg merke til målbandet nederst til venstre. Etter at Vidtas flytta til gards har eg byrja å bruke det somtid😝 

   
Har tenkt og tenkt ut system for å få fóra hester og geiter saman. Gjenstår å sjå om det fungerer. 

   
Snille Knut har kjaurt hit bak frå Kvanne. Når eg får skifta sverd på stihl-saga mi, skal eg sjølvsagt regulerer høgda.  

 Apropos motorsag…det skjedde noko stort onsdag: eg fekk start på jonsered-saga!!! Trur ikkje eg brukte meir en fem minutt heller. Og den gjekk akkurat lenge nok til at eg fekk saga ned det mest nødvendige. (I morgo skal eg kjøpe sverd til stihl😝). 

Sist fredag fann eg ein motorsag-kunstnar i tunet. Han har fått tuntreet som velta tidlegare og skulle no hente stokkene. Til mi store glede laga han signaturen sin til Oppistua mens han var her. Ganske så fascinerende å sjå på når ugla tek form! 

Ove Magne Aasen i arbeid   

På fyrrommet til tørk

 God helg godtfolk! Husk å høyr på musikk!!🎶🎸🎷🎺🎻🎹🎶  😄😄

  

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Comfort zone

Ein skal være glad for det ein har…. Ja, det må være kjempelurt når det gjeld materielle verdier. Men kva med innhaldet i kvardagen? Dersom eg hadde vore nøgd med det eg hadde i år 2000, hadde eg no vore mjølkebonde og produsert 73000 kg mjølk i året (kanskje ein tredjedel av dagens norm). Dersom ein tenkjer slik, kan ein jo halde på i all uendelighet. Skal spare dykk for det. Men korleis ville verden sett ut uten at nokon hadde vore rastlause, vågale, utålmodige, misnøgde og dertil innovative? Desse ingrediensene er det vél som lyt til for å lage utvikling?  

 
I Norges velferdsamfunn er det egenutvikling som kanskje nevnast oftast. Manglar vi dei nevnte ingrediensene vil sannsynligvis stagnasjon bli resultatet. Ikkje nødvendigvis eit uheldig resultat dersom den det gjeld meiner ein har det best i i den situasjonen ein er i. MEN… sjå på bildet eg tok på det siste kurset eg var på. Ikkje kan ein berre oppnå egenutvikling av å trø seg utom komfortsona. Ein kan faktisk oppnå magi! Mulig det treffer meg ein dag, for eg har i allefall dei fleste ingrediensene om bord. Eg er óg klar over at det har si bakside. Så, beklager til alle dykk som lever med min rastlaushet, misnøye, utolmodighet, dristighet…

Her kan dykk sjå kva eg gjorde utanfor komfortsona mi i helga:

http://www.driva.no/nyheter/2015/10/25/Skuvjam-med-overraskelser-11729642.ece
 

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Ny sjangse neste veke 

Eg har vakse opp i ein heim der latskap kanskje var den største synd. Det har aldri vore vanskeleg å støtte den for min del, men aversjonen mot å være fordømmende står så sterkt at eg held det langt inni meg når eg er vitne til latskap. No er det mange år sia eg innsåg at utfordringa mi går andre vegen. Eg kan jobbe frå eg står opp til eg legg meg og være lykkeleg med det. Av og til er kroppen sliten nok til å seie tydeleg i frå, men eg er nok hjerneskadd til å like å krysse den grensa óg. Etter at kroppen er slik sliten kjem ein jo over i ein ny fase der ein kan fortsette uten å merke nokon ting. Men dette koster jo noko. Dårleg samvit for ungar og heim er alltid dominerande. I somar byrja eg for første gong å sove dårlegare. Nakken gjer seg alltid til kjenne og hausten bringer i tillegg med seg revmatiske betennelser. Eit par av dei gode menneskene eg har rundt meg nevner det jevnt. -Husk kva som kan skje når tempoet er så høgt, så lenge! Ja, eg har tenkt det såååå mange gonger: skal byrje med å ikkje arbeide på kveld, og så skal vi ta det frå der. Men kvar gong eg bestemmer meg skjer det noko som gjer at eg gløymer det att. Eller tenkjer at eg må utsette det til neste veke. Jobben er tross alt min store lidenskap. No er eg på’n att. Fekk betennelsedempende i går, har sovet sju(!) timar i natt, skal være sosial i kveld, enda meir sosial i morgo… Og neste veke SKAL eg huske: ikkje arbeid på kveld! Kanskje det hjelper at eg har skrevet det her😉

Denne veka har eg vore på kurset «Det gode vertskapet». Det var eit fag eg hadde lett for å forstå og som var greit å få bevisstgjort. Dessuten er Vårsøg Hotell eit utmerket vertskap! Avslutta (i alle fall nesten) arbeidsdagen med eit par timers møte med ei triveleg dame som er under utdanning for å bli grafisk designer. Ho ønskjer å bruke Opp & Ut i studieoppgåvene sine. Ikkje rart eg har det artig i jobben😄

Tysdag kom sauene i fjøset etter å ha fartet vél mykje i rundt. Så utrolig godt å få dei inn. Ikkje at det var noko problem, dei sprang etter meg så eg knapt fekk plassert fotane. Var nest vanskeleg å ga frå dei den kvelden. Dei vil jo gjerne bli klappa til dei sovner ståande 😊  

LandART-utstillinga er fortsatt  populær og det florerer no svært mange fine bilder i sosiale medier. Er usikker på kven som tok dette fine av Marianne Fjærli’s «minne over steinalderplass», men tek meg frihet til å ta det med her likevel.

    
 

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Den siste sola

I år er vi heldige som har skyfri himmel dei siste dagane med solgang på garden. Omgitt av haustens finaste farger er det pur glede å ha garden som arbeidsplass. Berre sjå! 

   
    Midt i mellom arbeidsplassane mine 
 

Ta på brillene! Faktisk ein rev midt på bildet😄

  Anders har starta planeringsprosjekt!  

  Så godt når dyra i alle fall sånn CIRKA er der dei skal være 
  Bildebidrag frå Linda og Frank 
   
 
  
   
  

Tok denne i dag. Så da er det ein ting mindre å lese på 😅

 

Categories: Uncategorized | 2 kommentarar

Setra ❤️

Onsdag starta eg dagen med å køyre opp til setra med nyinnkjøpt oppladdbar støvsuger. Eg fekk flidd loftet i rasende fart før eg måtte ned at til diverse avtaler. Men det var det viktigaste før vi kunne ta inn på overnatting. Jentene gjekk opp på dagen mens eg kjaur opp att i mørket på kveld. Da med motorsag i skuffa. Pernille hadde regien på å fli resten av selet, medan eg fekk starta arbeidet med å rydde stølen. Det kjem opp bjørkeskog i stort tempo, og eg innser eg må ta mange økter framover dersom eg skal behalde stølen slik vi ønskjer det. Men med god hjelp av ein nevø frå hytta «Kattugla», fekk vi i alle fall starta. Fredagen belønna eg meg sjøl med å klatre opp på løataket. Der satt eg eit par timer og i dag har eg ca fem kg tyttebær som skal renskes😄  

   

Verdens finaste farger
     
Den beste leikeplassen

    
  

 Litt alenetid😊

   Liv på setertaket
  «Mammas helligdom» 

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Haust i anmarsj

Haustlufta har lagt seg over garden og eg gler meg på å få inn dyra snart. Eg prøver å få sauer og geiter til å beite ned ekrene, og vintergarden til hestene skal oppjusterast på forskjellige vis før vi skal flytte inn alle. Enn så lenge er somarfjøset i bruk av hester, sau og geit. Laurdag fekk eg beskjed om at det andre kopplammet hadde kome ned på nabogarden saman med sauene deira. Ho har vandra ganske rådvill omkring sia det første kopplammet, Perla døyde, så det var egentlig ikkje så rart at ho hadde forvilla seg dit. Men ho var så slapp at eg løfta ho opp i traktorskuffa der ho vart passa av ei veninne og Pernille, kjaur heim og bar ho så vidare inn fjøset. Det var ikkje noko gale å sjå på ho anna enn at ho var slapp. Men når eg såg om ho noko seinere, låg ho daud. Det er jammen ikkje berre, berre å være sauebonde!

Knut og Bess henta ned lammet   
Sjåføren for Retura kom tidleg ein morgon for å hente brom. Imponert over presisjonen med den krana!

 

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

LandART

Åpninga av LandART- utstillinga i helga gjekk bra og det vart ein fin dag. Ca 70 folk til saman fekk nyte friluftsliv på ein noko annerledes måte. Vi serverte kaffe frå svartkjel til velkomstdrink og nokre av jentene serverte heimelaga havre-sjokoladekjeks. Tilbakemeldingene var og er gode, ein del har gått turen i dei påfølgende dagane og det prates om neste års prosjekt. Vi håper da på å få til eit samarbeid med Bergen kunstgalleri. Berre ein ting som følest feil…det har omtrent ikkje vore mediedekning av prosjektet. Altså tradisjonell media. Eg ringte eit par lokale redaksjoner i forkant, men dei var begge stadene problemorienterte ang. kven som skulle kunne dekke dette. Jammen godt vi har velfungerande sosiale medier. Og stor takk til ordføraren vår som er langt frå problemorientert. Ho hadde mange arrangement på plana for helga, men det hindra ho ikkje i å klippe snora her i Torvik. Så no er kvardagen på plass att. Litt tomt å være solo gardbrukar att etter å ha vore omgitt av desse herlige kunstnarane. Men enno er eg nest litt øm i magamusklane etter ei veke med mykje god latter. Dessutan fekk eg vore i triveleg samkomst innan reiselivsnæringa i går da eg var invitert til møte på Solhøgda i Ålvundfjorden. Eg gler meg til å fortsette å jobbe i denne bransjen!

I natt har eg ligget mykje vak og haurt på «Roar». Som så mange gongar før vart eg imponert over det sterke huset vårt. Deler av det har stått i fleire hundre år. Stormane riv i veggene og får vindauga til å riste, men eg kan ikkje huske at våningshuset har vore skada av vind. Derimot har eg mykje anna rart på eiendommen, så no er eg spent på morgenrunden min. Håper eg er heldig denne gongen óg…

Sjekk linken for fine bilder frå LandART-utstillinga

https://www.facebook.com/pages/Land-Art-prosjekt-i-Torvik/843848289018990
   
 

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.