Monthly Archives: august 2015

Artig artig

I dag stod eg opp til formiddagsmøte i KunSTudio OPP ang. LandART utstilling. Det var eit usedvanleg givende møte! Å sitte midt i ein gjeng med kreative og dyktige kunstnarar og overvære deira brainstorm var ein super søndagsaktivitet. Min delvise stormraserte granskog har visst mykje meir muligheter enn å bidra til Allskogs tømmerleveranse til Tyskland. Og i sjøen er det rom for meir enn flytebrygger og båtar. Og sandtaket treng slett ikkje å være eit sandtak…. Eg gler meg sååå mykje til åpninga av kunstutstillinga den 27. september. Eg kan garantere at det blir verdt å ta turen til Torvik for ein liten skogstur da. Før det, vurderer eg å ligge i diverse busker å spionere på desse hærlege, positive folka for å følgje dei i prosessen. 😉

   
 

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

På vann og land

August er ein spesiell måned. Så i år óg. Det er feiring og festtid her i Oppistua, og som i dei fleste andre heimer oppstart for alle i ein ny kvardag. I år er det nok ein litt meir spesiell august enn vanleg. Det har vore fest for oss vaksne i tillegg til den vanlege somarfesten, vi skal snart flytte inn på nytt kjøkken, vi får ein leieboer til, far i huset har skifta jobb og eg skal kombinere å være dagleg leiar i Opp & Ut med ped.leder-stilling i Sæterlia att. Men heilt spesielt vart det kanskje da Torbjørn braut kragebeinet på søndag. Medan han no sikkert har alt for lange dagar, strekker eg ut dagen i begge ender for å gjere den lengre. Jammen bra eg har muligheter til å ringe ein venn. Sei frå om du treng hjelp, sa ein av dei laurdag kveld. Eg ringte han på tur til sjukehuset søndag. -Eg treng hjelp. Vidtas arbeider frå morgen til kveld på kjøkkenet og med den nye hjelpa har eg fortsatt god tru. Svigerfar stiller óg opp, så i dag fekk vi inn andre halvdel av høyet. Bror min tok ansvar for første halvdel i helga.  

Sist torsdag var vi ute på ein ny tur for produktutvikling med RIB’en. Det var den dagen somaren begynte og det vart dermed nok ein fantastisk tur. På tur rundt Smøla fekk vi noko problemer med GPS’n. Akkurat dette farvannet er eit av dei mest krevande å navigere i, så da vart det sakte tempo ei stund. Einar fekk oss trygt ut i åpent leie att og eg fekk endeleg sjå Grip. For ein fantastisk plass! Det er litt surrealistisk at folk faktisk budde der ute i det lille samfunnet. Frå 1100-talet og heilt fram til 1974 var det faste innbyggarar der. No vert dei 47 husa og plassen teke godt vare på til ære for turismen. Ei flott stavkirke og eit fotogalleri dekkjer kulturhistorisk nysgjerrighet. Vi var ein liten tur innom Ringholmen og fekk konstantert at dei flotte lokala står klare for den som måtte komme for eit måltid eller ein fest. Det vart sein ettermiddag før dei som venta oss ved restauranten Barcarole på Innlandet kunne diske opp med tapas til svoltne sjøfolk. Vi fekk ei skikkeleg omvisning i Tahiti-lokalene, og no gler eg meg på å samarbeide med desse trivelege karane. 

Her på garden er det innhausting som krev mest tid no. Nær alle hauster inn noko. Foruten høyet har eg sjølv fått i fryseren utallige kilo jordbærsylte og smoothiebær. Martha hauster stort sett alle slag bær. Ramute hauster lindeblomstrar til te. Dette vart usedvanleg enkelt i år. Når eg rydda i festlokalene våre seint måndag kveld, haur eg balder og brak frå tunet. Eg forstod kva det var sjølv om det var for mørkt til å sjå noko. Etter lang og tru tjeneste tok den siste stammen av vårt høgt elska tuntre kvelden. På ei tid av døgnet da den ikkje bar unger som klatra eller dissa, og ingen sol å skygge sandkassen for. Ingen i hengekøya den holdt, og ingen på benken under grenene. Uten å øydeleggje nokon ting la den seg forsiktig ned. I dag plukka Ramute lindeblomstrar uten å måtte klatre ein meter. Men treet vil bli sakna. 

Domantas» kjæreste, Gabija var fotograf på båtturen

   
Mens eg ventar på at dagen skal starte
    
    
    
    
    
    
   

Ein nydeleg liten skule på Hallarøy

  

    

Grip     
    
    
  Tahiti – Innlandet – Kristiansund   
    
  Barcarole  
    
    
Tuntreet har hatt eit nyttig liv

    
  Lindetreblom  
 

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Førti med innfridde mål?!

Eg fall for freistinga å arbeide inn i det nye døgnet. Arbeidet er så artig at det er som regel vanskeleg å avslutte. For eit privilegium! I arbeidet med ungene i barnehagen har vi fokus på at prosessen er viktigare enn målet. Da er det ganske greit at prosessen er så interesann. Men når det er sagt… Det her nye døgnet eg befinn meg i er førtiårs-dagen min, og eg har hatt eit hovudmål til da: minst ein av mine forretningsidéar skulle være etablert. Eg gløymte da å konkretisere det, så no vart det eit lite definasjonsspørsmål. Pr. i dag er det ikkje omsetning enno i Opp & Ut, men på februar vart selskapet stifta. Sia da har det vore mykje av både papirarbeid og praktisk arbeid. Produktutvikling og søknader har stått i sentrum. Men eg trur eg vil sei meg nøgd med innfridd mål. I alle fall dersom eg ikkje dveler så mykje ved feks. eit par heltar eg veit om frå Giske som har etablert eit titals selskap. (Dei er på min alder🙈). Måtte eg berre fortsette å få være så heldig å få jobbe så mykje eg vil mot mine fine mål. 

   Skiltet til Opp & Ut er ei gåve frå Ramute og Vidtas i anledning dagen min. Ugla er skåret ut av eik i Litauen. 

  Tok endeleg årets første sjøbad i kveld  Frå årets somarfest til ære for oss løvinner

 

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Blir til slutt 

Det beste er om ting skjer med ein gong for min del. Tolmod er ikkje min sterke side, så at «det blir til slutt» passar meg ikkje særleg godt. Likevel er det ofte det som gjeld. Flittige naboer har no fått plastfolie på 2. slotta, og det mens min 1. slott låg utover ekrene som om større makter hadde hatt ballspel der. Litt kvalitetstid med Massey’en (og Telma sjølvsagt) så var det i alle fall ordna. 

 
Tenkte at Telma skulle ta drikkepause i bekken, men ho sprang berre etter meg opp bakken😳  Får begynne med drikkeflaske til ho óg

Fortsetter investeringa av nye gjerder. Her ei ny grind i det som skal bli geitenes dal. 
   

   Tradisjonelt og moderne side om side

 

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Innhaldsrikt effektivt

For ein hyperaktiv person som meg er det fantastisk å få ha så varierte arbeidsdager som i Oppistua. I går var dette på sitt aller beste da dagen begynte i åkeren, så møte med ein høgt aktet gründer m.fl., deretter besøk på sjøfartsdirektoratet i Kristiansund, maling av kjøkken, øvelseskjøring på motorsykkel, og som vanleg på denne tia avslutning av døgnet med rensking av jordbær. Godt utbytte av ein arbeidsdag. Møtet gav meg svært gode innspel som eg no tek med i det videre arbeidet med Opp & Ut. Nokon av dei er enkle å ta med mens andre treng eg tid på å fordøye. Eg er så glad for å ha min fantastiske styreleder til å hjelpe til med å styre skuta beint. Vi hadde ei lita debrifing på slutten av dagen, og det er jammen greit for å få ei oversikt over alt. Ja, i det heile tatt å prate med ein innforstått om alle detaljer og tanker betyr mykje. Takk til den som sendte han inn i min veg! 🌸

Å dra til Kristiansund på 30-40 min følest nest litt surrealistisk men aller mest himla effektivt. Eg byrjar å bli ganske glad i RIB Scorpion. Kan ikkje lat være å smile når eg høyrer den buldrande duren når den ligg ved brygga. Eg har vektlagt å studere forskrifter og vedtekter under sjøfartsdirektoratet for å forberede meg på arbeidet for å få sertifisert båter og guider vi skal bruke. No har eg god oversikt og kontroll som vidare gje kjensle av tilfredsstilling. Det hjelper sjølvsagt mykje at dette arbeidet er langt i frå så avansert som først frykta. No gler eg meg på fortsettelsen!

Fiskebåten «Migle»   

RIB Scorpion
 
Retur frå Kristiansund. Takk for turen Einar og Tor! Sauene undret seg nok over pauseplassen min    

Bestod teorien til MC i dag😄

 

Categories: Uncategorized | 2 kommentarar

Blogg på WordPress.com.