Godt levert

Frå 1. mai og fram til i går har vi hatt ein fantastisk jobb med å følgje med på utviklinga og passe på elleve små skapningar. Dei starta livet her som blinde, rottelignende og pipande, men ved levering var det flotte, små hunder med svært individuell personleghet og karakter. Artigast av alt har vore å følgje med på utviklinga av denne personligheten. Nett som i våre egne søskenflokkar, var variasjonane store. Pysete, tøff, konstant lykkelig, reservert, forsiktig, nysgjerrig…. Dyrlegen spurte om eg vart lei av alt arbeidet. Men bortsett frå fliinga etter natta, vert ein da ikkje lei av å bli møtt med overstrøymande glede gange elleve?! Minus den veka med virus og eg var redd dei ikkje skulle overleve…. Ein anna triveleg del av oppdrettarjobben, er folket. Og aldri har eg opplevd så stor etterspørsel av blandingshundar. Eg har knytta nye kontaktar over heile landet, oppretta fb-gruppe for den store flokken som er involvert, og hatt mange trivelege kaffèlag. Ein del komiske situasjoner har det sjølvsagt vore, som da eg hadde vaksinert seks kvalper, kjaurt dei heim og kom til dyrlegen med dei fem neste. Dyrlegen kikka inn i buret og utbraut: «Du ha da tatt med de samme hvalpene!» Litt rart det óg, at to ulike mødre fekk så like kvalper…. Eit par blomsterbed har vorte ofra, vi har leite ein del etter bortkomne sko, forska på hundemat, gjeve ormkurar, vorte svett over mildt sagt kaotiske måltid, samla aviser, samla aviser og samla aviser (takk til alle medsamlarar:) Dei var alle leveringsklare når dei flytta. Dei trong no meir stimuli, meir kontakt med mennesker, trening og oppdragelse. I tillegg kjente eg litt på det store ansvaret med å passe små, livlege hundar som det i teorien er andre folk som eig. Ein av dei to siste, skada foten sin eit par dagar før levering. Men når ein får koma på dagen til dyktig dyrlege, går det da som regel godt. Det vart antibiotika og smertestillande og stor forbedring allereie neste dag.
Så i går vart det tomt. Saga skulle til Sandnessjøen og Tussi til Bodø. Ei lang reise, men til gode heimer. For eit privilegium å få føle seg trygg på at ein har funnet elleve gode heimer! Lykke til, alle eigarar av «Telma og Lias kull 2015». Eg gler meg til å følgje med dykk på fb 😊

Fotoserie av fotograf Annette Lill Hauge

IMG_2403.JPGb

IMG_2405.JPG

IMG_2406.JPG

IMG_2407.JPG

IMG_2408.JPG

IMG_2409.JPG

IMG_2410.JPG

IMG_2411.JPG

IMG_2412.JPG

IMG_2413.JPG

IMG_2414.JPG

IMG_2415.JPG

IMG_2417.JPG

IMG_2418.JPG

IMG_2419.JPG

IMG_2420.JPG

IMG_2421.JPG

IMG_2422.JPG

IMG_2423.JPG

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Innleggsnavigasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.

%d bloggarar likar dette: