Monthly Archives: juni 2015

Fløtting

Det er så mykje som skjer i Oppistua somarstid at når eg først tek meg tid til å blogge veit eg nest ikkje kva eg skal velgje å skrive om. Det første som slår meg er kanskje at eg er stolt over å kunne låne bort dyr til oinnadag på sjukeheimen i bygda. Det er eit supert tiltak som eg håpar vil spre seg i det ganske land. 

http://www.trollheimsporten.no/stemningsfull-onnadag.5774033-137312.html

Ellers er det mykje fokus på fløtting for tia. Killingane Sky og Frost har flytta til Kvanne og har fått det utmerket der. Hestene har hatt hovslager på besøk i dag og flytta deretter til nytt beite. Vi forbereder oss på at dei fleste kvalpane skal flytte neste veke. Har vaksinert dei og trena på bilkøyring. Dei sjølv er nok klar for å få eigne heimer og «egne folk» no. Og det byrjar vi å bli óg😉

Litt vanskelig adgang….   
To av kvalpane fekk være med til Rindal på avslutningstur for skuleunger. Det vart ein kjempedag!

    
  

Kveldsro i garden

  

To turar til dyrlegen for å få vaksinert alle          

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

RIB scorpion cabin

Hm, i dag planla eg å skrive om møte ang. oppgradering av skogsveg, tvangsutflytting av kopplam og graving. Men trur ikkje det lell, for no har eg vore på ein heilt spesiell kveldstur…

I ettermiddag vart eg oppringt av ein skipper frå by’n. Han villa ta seg ein tur med RIB’en sin og helse på. Gode naboer vart med i båten og eg vart skuva framom rattet med klar beskjed om at eg må lære meg å køyre. Juhuu! Altså, dette monsteret av ein båt har to gongar 315 hester og ei maksfart på 47 knop. Og ja, det er artig med fart!!! Det tok nokre minutt å nå elveoset til Øra. Når båteigar skulle sette kursen mot Kristiansund att (tek 40 min dit), tok han eit par sirkler ved brygga som avskjed. Båten låg støtt mot ripa i vanvittig fart og eg kjente håra reise seg på armene. Og det har eg ikkje opplevd av ein båt før 😜 Sjøsafari ved Opp & Ut kan eg garantere vil bli ei fartsfylt oppleving 😉

   
   

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Skjemalister

Når det kokar i hovudet bruker eg listeteknikk. Definisjon av «kokar i hovudet», er når oppgåvene er så mange at eg mister oversikta. Listeteknikken fungerer slik at eg sorterer oppgåvene i lister. Rart, men når oppgåvene slik visualiserast, får eg oversikt og normal puls. Hovedlista mi består no av studie og dokumentasjon av brannsikkerhet i nybygg, studie om og søknad om disp. frå krav av ventilasjonsanlegg, eit titals telefonar, eit titals skjema som skal fyllast, og så hovedposten: forberede offentliggjøringsmøte. Eg har óg ei praktiskarbeidliste. Derunder er kontroll på dyra, organisering og opplæring av div. arbeidsfolk, stell av jordbæråker…slikt som ein normalt gjer i fritida (gardbrukarting, altså). Har fått gjort mykje på den sistnevnte lista no, så da er det på tide å finne flytsona på kontoret. Takk og pris for listesystemet, og aller mest for at eg ALDRI treng å kjede meg! 😄

Kvalpane har vore sjuke i tur og orden. No har dei fått ormkur, nytt fór, biola, egen temperaturmåler, og nokre har fått særbehandling av matfatet Telma, og endeleg er alle tilbake i leiken.  

  

Med geitene prøver eg i dag ut det Pernille omtalar som «verdens dummaste idé». Både dei og eg eg lei av foring med nyslått gras (regntungt sådan!), så Vidtas og eg hadde dei opp i beitene i dag. Det er jo strengt tatt ikkje noko grunn til at dei skal komme flygande/hoppande/springande heim att når dei har 20 mål med godt beite. No har dei faktisk vore heimefrå i tolv timar!! Det er nok rekord i alle fall😊

 

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Fokus

Livet inneheld så mykje! Plutseleg skiftar fokuset automatisk og sjølvsagt. Andre gongar må ein arbeide for å halde fokuset på «rett» plass. Eg har eit godt metaforisk eksempel frå eit par aktivitetar eg har prøvd ut i år. På yoga-pilates minna heile tida treneren oss på at vi skulle være til stades der, og ikkje la tankane sveve bort. Eg trong alle påminningane, ellers havna tankane fort inn i ein budsjettpost. Når eg klatra på toppen av klatreveggen for å feste topptauet, trong ingen å minne meg på å fokusere. Budsjettpostane var hundre prosent fråverande av seg sjølv. Akkurat som at hjernen sjølv veit kva som virkelig er viktig å fokusere på. 

Mine gode hjelpere arbeider trutt med Oppistuas utvikling, sjølv om eg sjølv no ligg etter. Prosjektet LandART byrjar å ta form, grisene har fått egen utgang og eit drivhus har plutseleg dukka opp i hagen. Eg er óg nøgd med at arbeidet opp mot sjøfartsdirektoratet går ganske greit.  Viktig å tenke at utfordringane er til for å løyses. 

 Den prominente kunstnaren Ole Mauset har signert Oppistuas skog. Det i forbindelse med den komande LandART-utstillinga på september. Føler meg egentlig ganske heldig 😊  
  
Han her er óg heldig, som har fått så fin dør. Berre synd st storesøster øydelegg opplegget med å stadig rive ned gjerdet til luftegarden 😥    

Forundra over kor fort ein kan få eit fint drivhus!

   

Det går mykje tid på kvalpstell😊

   
       

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.