Monthly Archives: mai 2015

Klar for avreise!?

Eg er så heldig og får bli med barnekornet Jubilate til Paris i dag. Og det er ferien i år. Den avgjørelsen vart teke på grunnlag av at eg håpar å få starte opp med Opp & Ut i somar. Men etter å ha sprunge rundt i to døgn for å forberede avreise, føles det kjempelurt at eg skal være mest heime uansett. Eg har fått fløtta omlag førti dyr, vent dei elleve kvalpane til å ete og drikke (nogenlunde i alle fall), teke ned og satt opp gjerder (takk Marit for god hjelp), åpna og lukka grinder. 

Det var sol når vi dro no. Vidtas meinte det er finaste med ferie i Oppistua. Anar ikkje kva han prata om…(!)

   
         

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Oppistuas fremste kulturbærar

Eg trur den er omlag 350 år gamal. Altså har vi eldre byggverk på garden, men det er likevel denne som gjer vår historiske kultur mest synleg. Vår ærverdige kyrkjebåt. Båten folket på garden brukte for å reise for å døype babyen i kyrkja, konfirmere ungdommen, gifte seg med sin utkårede, gravlegge sine gamle, og sikkert aller mest til eit pusterom på benkraden ein vanleg søndag mellom alle travle ørkdagar. Eg kan godt forestille meg kor godt det var å få slappe heilt av der i kyrkja, for det er ikkje så enkelt å få til det heime når ein bur på og i jobben sin. 

  
For 30 år sia, fekk Nils (faren min) båten ut på sjøen att. Første pinsedag rodde vi til kyrkja i Stangvik som tidlegare var den vi haurte til (og som vi nok fortsatt føler oss mest knytta til). Ti år gamal fekk eg ansvaret for roret. Vi har rodd dei fleste åra etter dette, og den største glea er kanskje kapproinga med folket frå Hamnes som køyrer det same opplegget som oss. Vi har og hatt selskap i frå båtar frå Nordvik, Neslandet og Åsgard. Sistnevnte har ein ny, flott båt som heiter Hjemkonna. Den har 14 årer! Altså er det ment for 14 roarar samt ein til å styre. Vår gamle båt har ti årer. Sjøvegen er på åtte kilometer og tek oss ein og ein halv time (inkl cognacpsusen). No har eg overlatt roret til min eldste datter, Pernille slik at eg kan få meg litt trening og blemmer😉        

Her helsar vi årets vinnarar, Hamnesbåten😊

  •    Neste år håpar eg vi og Hamnesfolket får selskap frå fleire av dei flotte båtane!
Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Oppgåvegradeing

Eg har svært ulike oppgåver i løpet av ein arbeidsdag. Dei fleste likar eg svært godt (heldigvis), nokon er kjedelige (stort sett innendørs), men nokre få er verre enn alle dei andre. Sprøyte jordbæråker er i sistnevnte kategorie. Ikkje fordi eg vert støl etterpå, men for den psykiske belastninga det er å arbeide med giftige kjemikalier. Fattig trøst at midlene var verre før. Eg pakker meg inn så svetten silar og peser meg gjønom det bakom gassmaska.
.   

Bra det er overvekt av dei artige oppgåvene! Som å finne eit nyfødt, friskt lam på ekra
… 

Sjøsetting av firmaets fiskebåt
… 

 
Og stell av kvalper…Denne jenta har vorte adoptert av Telma, da mamma Lia slit med å fø så mange..
.  
 

I dag er fokuset på planlegging av LandART. Det er det kjempeartig å få være med på! I kveld kl seks er det infomøte for alle interesserte😉

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Vårslepp

Endeleg fekk våryre sauer og lam ut på grønn mai-eng. Sauene sprang glade etter meg (og kraftfórbøtta), mens ein del av dei uforståande lamma måtte bærast etter. Kanskje litt mykje på ein gong for dei. Først fekk dei merke i øyre som tydeleg følast litt tungt, og deretter vart mødrene deira heilt oppslukt av dette grønne… Men livet var likevel ikkje verre enn at det passa med glade hopp og sprell.
Når dei alle var samla, vart derimot «alle» svært få å sjå til på den store ekra. Men neste år er da flokken nokre hakk større.

IMG_4657.JPG

IMG_4658.JPG

IMG_4659.JPG

IMG_4650.JPG

IMG_2285.JPG
Bukken Tordensky fekk óg endeleg ut. Lucky og Storm flytta ut av geitehagen for å halde bukkefar med selskap i somar. Så langt ser det ut som at eg lukkast med den nyinkjøpte strømnettingen. Det er faktisk ikkje berre berre å gjerde inn geiter!

IMG_4666.JPG
Kvalpene har fått auger dei siste dagane. Søt vert til søtare😊

IMG_4642.JPG

IMG_4637.JPG

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Dyrebarnehage

Eg hadde tankar om å legge ut mange fine bilder av våre søte små i disse tider. Det byr derimot på diverse utfordringar. 

Bortskjemte Perla står som regel på foten min og krafser meg på leggen. Ho fekk jo ei veninne sist laurdag da ein sau fekk tvillinger men ville sjølv behalde berre eit av lamma. Veninna Symra er så lita og tynn at ho berre så vidt visast på bilda.

  
I fritida speler Perla gjerne kubbespill med andre innbyggjarar i Oppistua 

  Perla deltek i hagearbeidet 

 Killingen Blåne henger som oftast i lufta i hopp og sprett saman med Frost og Sky. Kunne sikkert vorte bra med eit avansert Canon-kamera. 

 
Kvalpane er enno som ein svart masse der labbar, haler og hovud går i ett. Men i helga kjem dei til å åpne augene.  Gler meg på det! 

Her har Lia smykket seg😜

  

  

  

  

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Båtpark

I dag har vi vore på søndagstur! Ikkje heilt ordinær sådan, da. Ærendet var å hente Opp & Ut’s første fiskebåt. Det er ein nydeleg «dory» på nitten fot. Eg er godt nøgd med handelen, båten og i tillegg å ha eit ærend i traktane der mi mor vaks opp. Men aller mest nøgd vart eg når eg kom heim til gardens skeptiske fiskar, som kom inn att etter inspeksjon og kunngjorde at den er perfekt! Ti poeng til ufaglærte meg 😊 Så no teller gardens båtpark fem ulike trebåter. To, kanskje tre av dei skal brukast i år, mens to andre treng ei oppgradering før sjøsetting neste år. 

Rett før avreise i dag, kom det to nye lam. Mora derimot, vil ha berre eit av dei. Så no er det nattarbeid med å få det utstøtte lille nøstet til å ta flaske. 

  

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Netherlands, Norway, Pakistan

I vinter sendte KunSTudio OPP fleire bidrag til den store kunstkonkurransen ICEFA Lidice i Tsekkia. Ungar frå ca 75 land deltok i konkurransen, 21380 bidrag derav, 1282 premierte. Ikkje så store forventningar ang respons kanskje, men artig at KunSTudio OPP er så oppe og går at det gjekk an å delta. Faktisk som det einaste kunsstudioet som bidrog frå Norge. Men ikkje berre det! Jubel og glede! Fyrverkeri og stjernehimmel! «Kvande Kaja Sofie, 10 years» finn vi når vi scroller nedover vinnarlista, forbi alle land som ligg framom Norway i alfabetet. Kajas ballerinatroll har dansa seg til heder og ære! Det ligg faktisk ein litt internasjonal eim over garden i dag😄 No er vi spente på korleis dei løyser premieutdelinga når det gjeld ein unge i eit lite land… Mulig det vert ein tur til den tsjekkiske ambassaden i Oslo i haust.
Anbefaler å kikke litt på bidrag frå verden rundt. Mykje fint, samstundes at ein får eit lite innblikk i dei forskjellige miljøa og kulturane ungane verda rundt representerer.

http://www.mdvv-lidice.cz/en/current/awards/

IMG_2226.JPG

Categories: Uncategorized | Éin kommentar

Store, små gleder 

Når eg arbeider lange, intense økter, er det som regel ein tanke som etter kvart skjærer gjønom fokuset mitt. Det er dei heilt små, enkle glea. Som at når eg kjem inn skal eg ete to brødskiver med skinke og ost. Sitte med lunsjen i sola. Kaffe. Ein slik flyktig tanke kan få glea til å spre seg som varme i kroppen. 
Hestene fekk den største glea på laurdag. Vi lot dei springe av seg på ekra og slepte dei videre på beite. Lykke!! Når eg såg om dei dagen etter, hadde Rudy kommet seg videre til dalen ovenfor beitet. Fint nok der, men ikkje åleine såg det ut for. Rudy vart kjempeglad når eg kom og slapp ho inn til beitet att.   

    Trur hestene er enige med meg om utsikta frå denne grinda😉
  

Lia er ei ung mor, og meiner nok at det vert ganske kjedelig å ligge i kvalpekassen heile dagen. Ho freista å væra med meg på arbeid på formiddagen i dag. Eg lot ytterdøra stå på gløtt, og etter ei stund følte ho nok at plikten kalte og forsvann inn i huset. Eg fulgte snart etter for å sjekke om alt gjekk bra. Eg kosa litt med dei små før eg oppdaga at eine kvalpen hadde smøget seg inn under halsbåndet til Lia. Eg fekk ikkje kvalpen ut og ikkje båndet av mora da det var for stramt. Eg storma etter ei saks og klipte av båndet. No vert det ikkje halsbånd på ei stund. 

  

  

 

Lia må ha litt variasjon og let kvalpane klatre litt etter maten😄

  

I fjøset hadde eg besøk av dyrlege att i dag. Sauen eg skreiv om sist har jurbetennelse og måtte få pencilinkur. Kopplammet Perla fekk noko for magen i same slengen, og killingen Frost vart kastrert. Det gjekk kjempebra med god bedøvelse og dyktig gutt. Ute på tur med søster Sky, ganske fort etterpå😊

 

Desse tullingene går stadig etter meg i håp om å få noko godt   

     

Categories: Uncategorized | Éin kommentar

Jordmornatta 1. mai

Det var tydelig at hundene forberedte seg på kvalping i går. Det var mykje uro og pesing. På ettermiddagen fann eg ikkje att Lia. Eg lette ei stund og plutselig kom ho fram frå hundegarden! Der hadde ho grove ei hule under liggeplassen. Eg lot ho ligge til eg var ferdig med fjøsarbeidet, men da var ho klar for å flytte inn i kassen. Vi skynda oss inn og opp på «rommet hennar». Ti min etter ringte Torbjørn og fortalte at Telma hadde grove seg rede under garagen. Så da var det inn med henne til kassen på stua. Ikkje lenge etter var Lia i gang. Det var tungt og slitsomt med den første, og ho var mykje uroleg. Ho ville helst stå under kvar føding. Det kom tre stk., så ca halvannen time opphald, så tre til. 

 Tre tisper og tre hanner ved «matfat» Lia 
Klokka to gjekk eg frå ho for å slukke lyset i fjøset. Der var det lamming i gang. Nok ein gong eit stort lam i feilstilling. Eg fulgte dyrlegens instrukser frå måndagen og jobba meg svett. Ikkje sjangs om at eg kunne få lammet inn att og på plass. Eg ga opp og dro i fot og nakke i staden. Eg var fast bestemt at eg ikkje skulle miste disse óg, men letta var uansett stor når eg etter ein times tid kunne konstantere at både sau og lam levde. Det var problematisk å få i det store og utmatta lammet råmjølk, så etter nedfiring av flagg, eit måltid og litt kjøkkentjeneste, fortsatte eg med det prosjektet. 

Klokka fem tok eg over for Torbjørn som passa ei svært sliten Telma. Eg var kanskje like sliten, for eg slukna heilt, ved sia av kvalpekassen. Telma forlot den og laga seg hi i saccosekken sin. Der fødte ho dei to første i sjutida. Da stod minstemor opp og fikk vekket oss vaksne att. For seint for den første kvalpen. Mulig den var dødfødt, men trur nok helst den vart kvalt i sacco’n. Over i kassen att. Telma var endeleg heilt roleg og vi jobba godt til vi var ferdige i halv-ellevetida. Da hadde Telma fem sunne og friske små i kassen. 

Heilt utslitt etter eit døgns fødselsforløp. Fire tisper og ein hann ved «matfat» Telma 
I dag har mødrene kvilt saman med dei små. Nokre gongar har vi lokka dei ut på lufting og litt mat, men da er dei svært effektive!😄

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Ulikt likt

Likheta mellom lamminga på måndag og den i dag, var at eg var på møte når det skjedde. Heldigvis var det fleire ulikheter! Rundt lamminga på måndag var det til saman fem vaksne og tre unger. I dag tok Pernille på tretten år i mot lamma utan å i det heile tatt varsle i frå. Møtet eg var i, var i eiga stove i dag men på kommunehuset på måndag. Mens mandagens lamming endte heller fatalt, var sau og dei to lamma i kjempeform med det same i dag. Så fint å oppleva det å!😄

I morgo skal eg skrive om da to hunder fekk kvalper på same tid😅

  

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Blogg på WordPress.com.