Monthly Archives: februar 2015

KunSTudio OPP

Det er kanskje litt rart, men det følest heilt naturleg at vi har eit kunststudio på garden. Det har sikkert noko med at eg som unge såg for meg folk som kom på landsbygda for å male landskapsbilder (ja, har faktisk tenkt produktutvikling HEILE livet🙊). Men kanskje det har enda meir med at kunstnaren Ramute har prega garden i over tjue år. Tenk at vi vart så heldige at ho og mannen, Vidmantas faktisk flytta hit. Og ungene deira har jo til dels vakse opp her i Torvika, så ein skal ikkje utelukke at vi kan bli ein arkitekt og grafisk designer rikare her i bygda, óg.
I fjøset har vi eit lokale som vi kallar Bæbua. Navnet kjem av at det tidlegare var sauefjøs. Lokalet var nok bygd til øvingslokale for musikkglade ungdommar, men har vorte brukt til så mangt gjennom åra. No fungerer det som kunsstudio for Ramute og elevane hennar fram til vi får bygd eit atelier. Med all si utdanning og erfaring innan kunstlivet, er det å følgje med på Ramute’s arbeide som eit lite eventyr. Eg forstår at vi berre så vidt har begynt på eventyret og er så spent på kva som skjer vidare 🎨
Ta ein titt inn på Ramutes hjemmeside! Ho er allsidig og fantastisk dyktig!!
http://ramubalta.weebly.com

Det er berre ta kontakt dersom nokon ønskjer å delta på timar

IMG_3875.JPG

IMG_2791.JPG

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Sol og livets glade sider

Det er ei veke fylt av optimisme!! Budsjetta er snart ferdige (i den grad det går an), aksjekapitalen er snart på plass, Solskinn og geitekillingene, Frost og Sky har fått flytta ut, stallhjelpa kome heim frå ferie, sauebingene heilt ferdige og……… No kjære naboer på andre sia av sjøen, skal eg slutte å sjå lengselsfullt over til dykk. Vi har talt måneder, veker, dagar, timar. Vi har planlagt fest for å feire ankomsten. For i morgo kjem…SOLA 😄

Eg håpar å behalde optimismen lenge. Til etter å ha vore på kommunen og diskutert byggesøknad. Til etter møtet med banken på måndag…😜 

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Skog 💚

No er det intensive treningsopplegget over og alt gjekk som det skulle. Vi fekk rydda meir enn eg håpa i beitene, vi jobba i godt vér, greie kjøreforhold og jevnt triveleg arbeid. Og etter kroppen å dømme i kveld, hadde i alle fall eg eit godt treningsutbytte.
No stormer det ute, noko som óg føles greit nok når fokuset bør være på budsjett og hjemmeside. Eg gler meg forresten til å presentere hjemmesiden! Ikkje så lenge att før den kan lanseres da effektive Ramute er satt på saken.😉

Heldige meg som får skyss til jobb😜 Legg merke til bokstavene på traktorens registreringsskilt! Forresten er endelig den nye logoen komme på plass øverst på sida 😊

IMG_3507

Festing av vaier HØGT oppe… 😄

IMG_3520

IMG_3522

<a href="https://lystbetontlering.files.wordpress.com/

IMG_3517

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Oppistua treningssenter

I dag var det endeleg gruppetrening ved Oppistua treningssenter. Deltakarane representerte eit bra spenn i alder, og alle påmeldte deltakere møtte (hm, etter kvart). Det må og nevnast at ein deltakar trena solo i eit anna område. Treningssenterets eigar gler seg til neste økt i dette intensivprogrammet på måndag 😜

IMG_3495-0

IMG_3498-0

IMG_3496-0

Categories: Uncategorized | 2 kommentarar

Alt kjem frå STRENGEN

Vi har vore satt på prøve i Oppistua. Det vart sjekka kor avhengig vi er av Internett. Vi er…. avhengig. Alle saman. Einaste som skil oss der, er kvar behovet ligg. Nokon treng det til x-boks, nokon til netflix, nokon til nettTV, eg til jobb og blogg.
Eg var bortreist torsdag og fredag, samtidig som eg fekk eit lite lass av mailer frå styreleder. Eg kribla etter å ta fatt på arbeidet med dei laurdag morgen, men da hadde «Ole» vore på fjellet Strengen og leika med straumen på masta der. Eg følte meg litt som rastlaust dyr i bur heile helga.
Husets ungdom har ligget med feber sidan søndag, men har likevel klaga minst av oss, sjølv om ho berre har hatt gamle DVD’ar til selskap. Tiåringen sendte meg melding når eg satt i møte på måndag. Ho ba meg sende ho nummeret til Strengen. Ho hadde nok eit alvorsord på tunga 😄
I kveld er vi alle svært fornøgde. Takk til dykk som har jobben med å ta ut i all slags vær for å få rydda opp for oss «alminnelege». Eg er glad i både fjelltoppar og scooterkøyring, men eg vil aldri bytte med dykk! 😉

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Hyllest (og ja, ein liten digresjon 😊)

Er du feirende, jubel med musikk
Er du glad, nyt musikk
Er du lei, få ny giv med musikk
Er du stressa, ro ned med musikk
Er du lat, sprit opp med musikk
Er du tankefull, tøm hovudet med musikk
Er du sliten, få ny energi med musikk

Du kjem langt om du har….MUSIKK 💜

20150206-101441.jpg

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

OPP & UT

Jubel og glede, dette blir eit artig og spanande år! For det er i år det skal byrja! Eg tør knappast å skrive det, for det er enno nest så eg ikkje trur det. Eg har ruga så lenge åleine på planane at hovudet ikkje heilt fatter at det faktisk skal realiserast. Fjerde februar i 2015 vart det i alle fall halde stiftelsesmøte i Oppistua Torvik. Tre styremedlemmer, ein observatør og ein reknskapsførar var til stades.
I ettermiddag har eg vore litt andektig over tanken på at desse kompetente, dyktige karane tek seg tid til sitte timar og diskutere mine små og store planer. Men så kom eg til å tenke på ei venninne som plar å seie at eg vert så lett imponert. Så no prøvar eg å snu tanken. «Heldige karer så får bli med på dette eventyret». Men likevel, uten mitt store, fantastiske nettverk hadde det ikkje noko vorte noko av.
Navnet på selskapet har vorte diskutert ein del, og det er temaet som er lettast å lande tankane på no. Det er ønskeleg med eit navn som er lett å huske, uttale og gjenkjenne. Det teiknar til at det kan bli «OPP & UT» med «Lystbetont Læring» som undertittel. Ugla vil bli beholdt da den er eit godt varemerke for garden som ligg under «Kattuggeldalen» og har mykje ugler i området. Ugla er i tillegg ofte bruka som eit symbol på kunnskap.
Dagens opptur som eg skal nyte for det det er verdt, er at eksempler frå Langedrag vart nevnt fleire gongar i dag. For det er faktisk mykje verdt for meg. Eg hadde lenge tenkt å skrive Edvin Thorson eit brev for å takke for å ha vore min store inspirasjonskjelde. Men det som så mykje anna har vorte med tanken, og no er det jo for seint. Kort fortalt for dei som ikkje kjenner historia: Edvin hadde ein trøblete barndom, noko som sannsynlegvis bidro til hans gode tilhørighet til natur og dyr. Det bidro vidare til at han fekk idéen om helsetrøya. Dette gjorde han til millonær, og vidare til at han kunne bygge opp draumen sin; Langedrag. Og om dykk ikkje veit kva dèt er, er det bedre å google 😉

http://www.langedrag.no

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Kom’an kvardag, eg er klar…?

Alle veker har med seg noko som tek fokuset, men denne veka er meir spesiell enn andre. Onsdag er det stiftelsemøte til Lystbeyont Læring. Eg har jobba mot dette lenge, og har kanskje ikkje vore heilt avslappa ang. temaet. Så da må eg undre meg litt over korleis eg er skrudd saman. No burde eg da vore småstressa, effektiv og ivre etter å starte dagen….men ligg her i dagsenga med kaffe og blogg…smålat og IKKJE stressa. Hmmm. Må vel ta det inn att i løpet av dagen som skal fyllast med bokredigering, brosjyredesign og pianoundervisning.
Og snø!! Håpar berre den sett seg på isen så det blir greiere for hestene no. Og for bilkøyringa, óg. Forige veke henta eg eit lass materialer frå lageret vårt på Kvanne. Eg var rimeleg ferdig når eg kom heim etter å halde hengeren på glattisen i fleire mil. Da var det meir som «plankekøyring» (pling, Jon Almås:-) å hente eit lite lass på Byggmakker, berre ei mil unna på fredag.

IMG_3756.JPG

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.