Monthly Archives: januar 2015

Fridag og shopping

Det å gjere noko anna enn det ein gjer til vanleg kan være ein god definasjon på fridag. Slike dagar dukker meir eller mindre opp av seg sjølv da det rett som det er at ein unge skal på konsultasjon ein stad. Orkanger, Molde, Kristiansund, Trondheim…. Som oftast køyrer eg omlag fire timar for eit kvarters konsultasjon. Men dette innlegget handlar så visst ikkje om distriktspolitikk sjølv om det freista litt å skrive om akkurat det no 😁
Det var Kristiansund i dag. Etter den tre timar lange morgonøkta med å fø folk og fe og få alle dit dei skal være for dagen, tok eg med kaffekanne, ein unge og ei supertolmodig veninne som stadig er snill og stiller som selskapsdame. Ikkje berre er ho tolmodig ang venting, men óg med mine sære shoppingvaner. Det blir feks svært lite klesbutikkar på vår vei. Så langt ikkje nokon, egentleg.

Etter å ha brukt fergefarten på å sjekke ut priser på stubbloftplater, fall valget av dagens shoppingdestinasjon på MAXBO. Der var vi akkurat lenge nok til å diskutere kor mykje vi kunne få plass til (uten henger denne fridagen), og betale, da. Så sjølve shoppinga utgjorde slik berre ein brøkdel av den tida selgaren og eg brukte på å få varene festa i bilen. Vi fekk det forresten så bra til at eg meiner ho hadde forsvarleg skyss heim att óg. Og det er da det viktigaste….! Takk for i dag 😄

IMG_3752.JPG

Categories: Uncategorized | Éin kommentar

Nyttigt ugjort

Eg har svært dårleg tru på klaging, men no skal eg unne meg ei setning med sådan: eg er så lei av is!!!!!!
Har kjaurt på to skuffer med sand igjen, for det saltet og kalken vi hadde på i går var borte i dag. Bra at fjæra aldri går tom….
Hestegarden er enda glattere enn før, så mens hestene inntok frokosten inne, grusa eg opp til ekra. Der står jo fortsatt gjerdet etter sauene, for det fekk eg ikkje inn før det fraus fast. Men ekra er óg glatt. Klin umuleg for meg å ga der. Eg køyrte att og fram ein del med traktoren for å bryte ned skare, og da turde eg å setje ut dei to med vintersko. Jubel og glede! Dei har ikkje rørt seg så mykje på mange veker! Og dei er så tunge at dei går gjenom skaren, så til lunsj skal dei to andre få ut også. Da er det nok ganske opptrakka.
Skal slutte å ergre meg over ting eg ikkje har fått gjort. Det kan faktisk komme til nytte ein dag 😉

IMG_3726.JPG

IMG_3723.JPG

IMG_3732.JPG

Sjå heilt øverst til høgre på dette bildet. Slike kutt i treverket ser eg for meg kan bli ein signatur av min epoke i gardens historie. Det til tross for at eg faktisk har øva ein del på presisjonskøyring det siste året 🙊

IMG_3719.JPG

Telma har óg si nytte…. selskap i traktoren. Ho kunne nok sitte der heile dagen og enda litt til ☺️

IMG_3720.JPG

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Det bygges!

Medan eg har bura meg inne på kontoret for å teoretisk bygge firma, blir fjøset bygd om i praksis. For ein gong skyld er det ein binge klar FØR det har ankommet dyr for å fylle den 😊
Og stiftelsemøte er emning. Jippi!

20150122-100426.jpg

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

ID

Laurdag kveld kosa eg meg ei stund med å berre sitte i stallen. Alt arbeid var gjort fra før, våte hester var takknemmelige for å ha komme inn, hønene har lagt meir egg enn nokon gong før, og tom. Elli og Nor lot til å nyte tilværelsen innestengt i «leiligheta» si. Da følest alt godt. Dyra kan lett gje meg stor kjensle av tilfredsstillelse.
Likevel om alt var perfekt laurdag kveld, fann eg «parykkhøna» mi liggande søndag morgen. Eg tok ho ut og stella ho litt, men ho døyde etter nokre minutter. Plutseleg og uten forvarsel. Eg kan for lite om høner til å spekulerer i kva som kan være årsaken, men eg følgjer no enda bedre med for å sjå om nokon er sjuke. Men det virkar slett ikkje slik.

Søndag fann vi god tid til å endeleg få merka alle sauer og geiter. Det gjekk bra, men killingane skreik litt, og det vart litt hard kost for mine små hjelpare. Men no har alle sin bokførte ID!
Apropos ID, eg fanga opp av nyhetene i dag at ei som var invitert på besøk av kollegaer i eit anna land vart bedt om å dekkje seg til med hijab under besøket. Da var vel ikkje akkurat den inviterte sååå velkommen likevel….?

Gardens tiåring var i fotograferingshumør i helga 😊

IMG_2167.JPG

IMG_2168.JPG

IMG_2170.JPG

IMG_2169.JPG

IMG_3446.JPG

IMG_3444.JPG

IMG_3445.JPG

IMG_3329.JPG

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Trollheimen ride- og kjørelag

Eg føler meg for tia litt opprømt! Eg trur det i hovudsak skyldast at eg har teke det første skrittet inn i det lokale hestemiljøet. Det skrittet var nok til å gje meg forståelse for at eg kikkar inn i noko stort. Stor hall, ja, den har eg sett før. Men det heile er visst mykje større! Muleg det ikkje er alt eg har fått med meg, men det ser ut til at ei lita gruppe med mennesker har fått reist eit gedigent annlegg som innheld altså den store ridehallen med alle fasiliteter, treningsbaner og tilhørande staller. Eg har litt erfaring med bygningsmasser og er allereie her mektig imponert.
No har eg altså teke dette skrittet inn i miljøet og kan da sjå at dette inneheld enda mykje meir. Kanskje det at eg kjenner folk, bidreg til at eg har kort og rask veg til god og konstruktiv info, råd og tips. Men nordlendingen som møtte oss i porten når vi ankom hallen for første gong, kjente eg vitterleg ikkje. Men eg hadde ikkje meir enn helsa på ho før ho raust delte ut av sin kunnskap til meg. Eg fekk ein kjempegod leksjon saman med Lucas, og når vi etterpå fekk problemer med å leie Rudy inn i hengaren, kom ho jammen ut og brukte lang tid på oss der og.
Vel heime begynte eg å tenkje på at så mykje instruktørhjelp kanskje blir kostbart i lengden…..kanskje ikkje det. Dersom du betaler hall-leie (2000,- for heile familien i eit år, eller 100 pr gong du bruker hallen), og er medlem i klubben, så får ein slike timar gratis….!
Og sjekk nettsida til klubben. Mistenkjer at den og er dreve på frivillig basis, og likevel så proff! Dei går andre idrettar med faste ansatte ein lang gang i profesjonalitet i infokanalen nr. 1. Og info er det ofte om komande kurs og aktivtetar som dei og naboklubbane arrangerer.
Det er nest så ein må byrja med hest så ein kan få gleda av alt arbeidet som leggest ned. For her prater vi om ILDSJELER!!! 🏇🐴

IMG_3313.JPG

Categories: Uncategorized | Éin kommentar

Økonomisk horoskop

Det har vore ein forrykende start på året! Hestene har fått ordna føttene, nokon har fått seg vintersko, deler av kjøkkenet i huset er revet, deler av kjøkkenet i fjøset er bygd, boka om garden er snart klar for trykking og hestehenger er kjøpt inn 🙈 Og det var i det ein tolker som arbeidstid på garden. Aktivitetene i fritida er nok ikkje færre…. Trur vi må finne eit anna gir, framover 😊

IMG_3308.JPG

Det vart trist stemning laurdag. Da fann eg lille Skumring liggende på gulvet. Det var tydeleg at ho var døande. Vidmantas og eg heldt ho da ho sovna inn. Det heile var svært merkeleg da det skjedde så plutseleg. Eg hadde nyleg sett og haurt ho, og så vart det berre slutt. Ho var nok litt spesiell, kanskje det var noko gale heile tida. Ofte sto ho med føttene litt under seg, og ikkje var ho like sprek som søskena, og så svært lita. Muleg hjertet ikkje var som det skulle.
😢

IMG_2166.JPG
Mens alt var bra….

IMG_3239.JPG

No må eg ut og få starta denne veka som sannsynligvis vil ga like forrykande fort som forrige. Før kl to i dag skal hestehengeren få vinterdekk og traktoren to kjettinger til. For i morgen er dagen da alt skal skje. Befaring med Allskog og Sollid på skogen, og vår aller første tur til ridehallen (og EU-kontroll på bilen😜) Frå kjøkkenet hører eg allerede leven frå ein ivrig hjelpar 😊
Det var forresten litt magisk å lese årshoroskopet i lokalavisa tidlegare i år. Med alle prosjekta vi arbeider med no, kjenner eg redsla skylle gjennom meg frå tid til anna. Men der kunne eg lese at den komande somaren er tida for å sette drømmar ut i livet, og at ved utgangen av året er økonomien bedre enn ved inngangen av dette året. Ja, om det held mål, er det vitterleg magisk så mykje som vi skal bygge no! Om eit år skal eg lese dette innlegget og vurdere horoskopets truverdighet 😄

Categories: Uncategorized | 2 kommentarar

Blogg på WordPress.com.