Monthly Archives: desember 2014

Takk for i år!

Jula kjem fort og fèr fort. Men eg byrjar å bli klar for nytt år og blanke ark i Oppistua. Mykje bra vart gjort i 2014, eit godt grunnlag for det vidare arbeidet i 2015. Hovudfokuset er oppstart av Lystbetont Læring (og bygginga av husets hjerte – kjøkkenet).
Eg merkar sjølvsagt godt at fjøset held på å fyllast. Det går med ein del timar der…. Sjølvsagt sjølvvalgt 😊 Men skal ein ta i mot turister er det mykje bedre med ein travel og levande gard, enn ein med tomt fjøs og attgrodde jorder.
Disse to her, Elli og Nor, er fulle av farsk og underhaldning. Dei roter overalt og hyler som at dei døyr dersom dei ikkje får det som dei vil. Omtrent som unger flest, med andre ord. Dei har fått eiga leilighet i «nyfjøset» med soverom, do og spisestue. Men dei brukar helst heile garden og vēl så det. Dersom eg sett frå meg ein sekk med for, tek det ikkje lang tid før dei har gnagd seg gjennom den. Elli vart sjuk den dagen da sekken på bildet vart oppdaga 😱 Tordensky er naboen, og han plar å få låne vindauge deira. Han må jo følgje med om det går noko damer forbi der ute!

IMG_2093.JPG
Stalltausa vår Marit, har teikna dette bildet av hesteflokken vår. Gjett kven av desse fire det er som kvart år må ha valium for at vi skal få raspa tennene? 😂
/>
IMG_2094.JPG

Eg er så heldig å være ein del av ein stor søskenflokk. Det har eg mykje nytte og glede av. Eine systera mi, Martha, ferierer ein del på garden (arbeidende gjest, sjølvsagt) og ho har eit godt auge for gode motiv og har alltid kamera tilgjengeleg 😉 Snille ho let meg få boltre meg i albuma hennar. Bilder eg brukar i markedsføring o.l. er som oftast teke av ho.
Med ein liten julekavalkade med Marthas signatur, vil eg takke bloggens lesere generelt og gardens medhjelpare spesielt for i år. Og sjølvsagt godt nytt år til dykk alle!

IMG_2097.JPG

IMG_2100.JPG

IMG_2104.JPG

IMG_2106.JPG

IMG_2111.JPG

IMG_2113.JPG

IMG_2112.JPG

IMG_2118.JPG

IMG_2119.JPG

IMG_2120.JPG

IMG_2124.JPG

IMG_2127.JPG

IMG_2133.JPG

IMG_2126.JPG

IMG_2131.JPG

IMG_2137.JPG

IMG_2138.JPG

IMG_2140.JPG

IMG_2136.JPG

IMG_2164.JPG

IMG_2159.JPG

IMG_2141.JPG

Categories: Uncategorized | Éin kommentar

Mattilsyn

Generelt sett meiner eg det er heilt greit at folk engasjerer seg i om folk og dyr har det bra og melder i frå om ein er bekymra ang dette. Men eg vart nok likevel litt overraska når mattilsynet ringte meg i dag pga. nettopp ei slik bekymringsmelding. Innringaren var bekymra for at grovforgrunnlaget på garden ikkje var godt nok og at sauene deretter ikkje får nok mat. Eg stod å makka høy på låven når mobilen ringte, og følte det heile litt absurd. Men eg er jo svært glad i å visa fram garden min, så det var stas å få besøk. Minuset var berre at hus og julevask nok ein gong måtte vike for stall og fe.
No har eg tre grovforslag på garden da eg nyleg kjøpte inn førsteklasses ensilasj til hestene. Eg prøver meg litt fram med det nye fóret til dei andre dyra og, for det beste er om alle et det same slik at det ikkje vert for gamalt. Sauene har delt vanleg siloballar med geitene fram til dei flytta inn i går. Da fekk dei ensilasj for første gong.

IMG_2073-0.JPG
Fekk lære meg litt om korleis ein sjekkar korleis hald sauen er i. Mine var i særdeles godt hald. (Bra vi ikkje skulle gjera dette på hestene så feite så dei er! 😜)

IMG_2074.JPG
Det vart eit lærerikt og trivelig besøk. Og no gler eg meg på å få tilsendt attest i posten om at eg har eit utmerket, flott dyrehald i Oppistua! Velkommen for å sjå for den som vil 😄

Categories: Uncategorized | 2 kommentarar

Påtvungen innfløtting

Til tross for at sauebingen har vore innfløttingsklar ei stund, har eg drøya litt med å prøve å få inn beboarane. Eg har forstått at dei trivast da dei rett som det er har vist meg lystige sprett og hopp, men no når snøen la seg såg eg for meg at dei ville meine det vart greit å koma inn….. Søndag var alle gardens folk heime ei stund, så eg skynda meg å mobilisere alle og plassere dei ut for å stenge av eventuelle rømningsvegar. Det gjekk roleg og greit å drive dei ned ekra. Facinerande å sjå kor dei samlar seg til ei klynge så fort eg går mot dei. Men vi kom oss aldri til dei ventande utplasserte, for når vi nådde botn av ekra, spratt klynga ut på begge sider, og vips var dei i skogen.

IMG_3050.JPG
I dag var det duket for eit nytt forsøk. Heldigvis fekk eg besøk av slekting og nabo Knut og hunden hans Bess!! Hadde nok følt meg ganske fortapt i dag utan det besøket. Rådyra har nok ein gong reve ned gjeringa i natt, og nokre av sauene var på avveie. Bess kjem frå Nederland og eg trena av Sander i Valsøybotn som eg skreiv om tidlegare. Bess fekk effektivt samla dei rundt forkorga, og mens Knut roa ned og «godtala» med flokken, satte eg opp plastgjerdet han hadde teke med. Sauene er framleis ville, (lam frå i år), men Knut fekk band på ein. Da bars det rett inn. Knut med ledersau, Bess som baktropp og eg som….publikum😜

«>IMG_2072-0.JPG</

/>IMG_3066-0.JPG
Så godt å få dei hit no!!

IMG_3058-0.JPG

<a

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Oppsop

No begynner det å hope seg opp med ting å skrive om!😉
Tek den siste dagen først…. Har hatt planleggingsmøte med to samarbeidspartnarar i Lystbetont Læring i dag. Da fekk vi på plass ei lita framdriftsplan, så her er ingen grunn til å gire ned! Heldigvis😄 På juli satser vi på å kunne tilby dei første aktivitetane. I hovedsak innen sjøfart, klatring og kunst. Artig!!
Her heime rasar dagane av garde. Hestane har fått seg kvalitetsfór eg har handla med Lars Bæverfjord jr. og Lars Ole Gravvold, så no ser dei knappast opp frå fórkorga (slike idrettsdyr treng mykje god mat 😜). Eg har lært at dyrefóret skal lukte så godt at ein nest får lyst til å smake på det sjølv. Dette dufter på det viset.

IMG_2065.JPG

IMG_2066.JPG
Mindre artig er det at det har vorte litt glatt i tunet, og at eg måtte strø til hestane som for tia ikkje har brodder. Sjølv om eg likar å køyre traktor er det ikkje alt traktorarbeidet eg likar. Å hente sand i fjæra kjem under «ikkje liker». Fjæra er ustabil grunn, og med stor snøskuffe vert ein lett framtung. Eg satte på snøskjæret til ballast og sa til meg sjølv det same som eg seier til ungene: «slutt å sutter!» Da vart det ☺️

IMG_2067.JPG

Eg trur ganske sikkert at vi i jula i år som i fjor vil befinne oss mykje i stallen. Den 22. desember i fjor kom vår aller første killing til verden. Snøfnugg fekk da store doser oppmerksemd. I år er det heile tre søte, små til å underhalde oss. Dei er allereie godt i gang med å trene på høge, lange og ville sprett. Den største er gutt og har fått navnet Frost. Dei to andre er jenter og heiter Sky og Skumring.

IMG_3016.JPG

IMG_3015.JPG

IMG_3018.JPG

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Tyyypisk!

I går klarerte eg garden for å reise i frå til fordel for ei lang byhelg med familien. Geita Solskinn møtte meg i geitehagen med blankt og oppmerksamd blikk. Mistenkte straks at kjeeing er nære foreståande, og slepa ho inn på boksen til Troll. Eg ga ho strenge formaningar om å halde att til søndag. Men det føltes i alle fall bedre å ha ho på boks når fem(!) gauper er fanga opp på viltkamera ei halv mil unna, og reven luskar rundt hønsgarden tidleg om morgonane. Eg oppdaterte mine gode hjelpare om situasjonen og reiste berre halvnøgd heimefrå.
Så, i dag tikka det inn: -gratulerer med tre fine killinger! Alt bra 😊
Det var nok ein fin oppleving for hjelparen min frå Litauen å få være jordmor, og når alt går som det skal kan eg berre nyte helga etter beste evne. Men søndag vert det nok greit å reise heim 😉

Var ganske sikker på at Solskinn hadde tre stk i magen, men forundra over at ein av dei er brun

IMG_2056.JPG

IMG_2059.JPG

IMG_2055.JPG

Categories: Uncategorized | Éin kommentar

Matpris pris mat

Høyrde på radioen no at dersom forbrukarane er villig til å betale litt meir for kyllingen, så kan det antibiotikaresistens-framkallande stoffet narasin byttast ut med ei ufarleg vaksine til kyllingane. Stakkars oss nordmenn. Et drit for å sleppe å bruke så mykje av feriebudsjettet, båt-, bil-, buss-, konsert-, og festbudsjettet på mat. Nevnte ikkje klær, for det kan ein handle til ein slik pris at ein ikkje treng budsjett. Og dei som kjøper klær til ein slik pris at ein bør ha klesbudsjett, prater om kvalitet. Da kjøper nok dei mat der kvaliteten er godt sikra uten å ofre prisen ein tanke……? Kor er eigentleg enden på denne visa? Kor liten prosent av inntekta vår kan gå til mat før den prosenten er liten nok? Kor dårleg kvalitet kan vi ete for å sikre øvrig luksus?
Eg er ikkje flink med mat, men er litt meir tilfreds for kvar ting eg kan innhente lokalt, økologisk og aller helst frå eigen gard. Men så er eg heller ikkje flink til å sjekke pris.

Koseleg å hjelpe naboen litt og få helse på gamle kjente (vi hadde samdrift tidlegare). Skotsk høglandsfe brukar laaang tid på å vokse seg til god slaktevekt og får derfor ekstra god kvalitet på kjøttet. Håpar berre dei ein dag kan foredlas slik dei er verd det, og selgjast til ein pris dei er verd!

IMG_2990.JPG

Lukas får ikkje ete maten sin i lag med dei andre hestane. Da er det fint med små snyltarar til selskap. Killingen Regnbue denne gangen 😊

IMG_2989.JPG

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Utfordrande dinosaurar

Det er vel bra at eg ikkje visste kor avansert hønene kan være før eg starta med mitt omfangsrike hønsehald. I dag innsåg eg at noko måtte gjerast for ei lita høne som traust har ligge på eit reir eit par veker med alt for store egg i. Det er nemleg slik at kvar dag vert ho jaga bort av ei stor brama-høne som legg eit nytt egg i reiret for så å sjølv ga ut att. Den fortvila vordene kyllingmor står dertil på sidelinja og hyler og skrik (ja, slik høner hyler og skrik,da).

IMG_2048.JPG

Etter diverse mislukka tiltak skrua og saga eg litt, og rigga til ein eigen rugekasse til den vetle høna. Eg flytta reiret og høna inn dit, og la fram nytt høy til den gode verpehøna. Og resultatet? BEGGE hønene vart svært misfornøyde. Utakknemlege dinosaurer. Hønene er faktisk etterkommarar etter dinosaurdyra 😊
Heldigvis gjekk det seg til utover dagen….

IMG_2049.JPG

IMG_2050.JPG

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.