Bonde = skjellsord?

I går og i natt var eg på hundreårs jubileum til bondelaget. Ein feiende flott fest som eg rettmessig hadde gleda meg til. Og da kanskje ikkje mest for at eg skulle på fest, for no har eg faktisk vore på fest tidlegare i år(!) Men i dei åra sia eg arbeidd som gardbrukar har eg naturleg nok ikkje hatt mykje kontakt med gardbrukermiljøet, noko eg savna ganske mykje. Da er det stas å kunne få ta litt del i det att.
Eg har jo hatt æren av å være gardbrukar på ordentleg noko år. Men eg kalla meg aldri bonde! For meg er ordet «bonde» synonymt med «din jævla bonde». Eg vaks opp i ei tid med mang slags hets, men bondehetsen var ein av dei minst kamuflerte. Så eg har konsekvent bruka ordet «gardbrukar». Det er slett ikkje slik at eg har skjemtes av å være gardbrukar. Tvert i mot, for eg er utømmeleg av respekt for gardbrukarane. Men ordet «bonde» vart for min del ødelagt.
Under middagen i går vart nettopp ordets betydning og verdi teke opp. Spesielt ein av bygdas store språkressursar ordla seg så kløktig og klarsynt om ordet «bonde» at eg for første gong i mitt vaksne liv følte ein spire av motivasjon til å gje bonden ein sjangse.
Kven veit. Kanskje eg ein dag kan tittelere meg sjølv som «BONDE» 🙂

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Innleggsnavigasjon

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

Blogg på WordPress.com.

%d bloggarar likar dette: