Monthly Archives: november 2014

Utedyr

Eg har oppfatta det slik at folk flest synest synd på dyra som går ute om vinteren. Korleis skal ein da forhalde seg til det når dyra må slepast inn om kvelden? Er det for at dei ikkje skjønar sitt eiget beste?
Ellers har eg lite å fortelje om for tida. Kanskje berre at det er dumt at eg har så lite hus når eg er så glad i husarbeid 😳😜

Her blir ein fulgt med om ein gjer godt nok arbeid i stallen ☺️

IMG_2968.JPG

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Finvær til besvær

Dersom eg kan velgje mellom ein arbeidsdag ute og ein arbeidsdag inne, treng eg null betekningstid. Men nok er nok. Gulvet på kontoret har forsvunne under dette uendelige finvêret, og små ting som ligg strødd rundt der har fått vokse seg urimeleg store i hovudet. Så denne veka var min deadline. Denne veka skulle eg starte opp. På kontoret. Eg er usikker på om eg nokon gong har vore så glad for regn før! Det er nemleg lite attraktivt og sitte ved vindauge på kontoret og sjå ein blå og speilblank sjø under novemberfin himmel. Nest synd at det var berre to av dei regnvêrsdagane. Må sei eg er betenkt over promlemstillinga her på møre!
Eg har i alle fall fått unna dei små men særdeles viktigaste tinga, og endeleg fått teke fatt på noko artigare. Oppdatering av foretningsplana til Lysbetont Læring. For kvar ei oppgåve eg gjer som er direkte retta mot oppstart, kjenner eg at eg gler meg enda litt meir til nettopp det. Somaren 2015 skal eg være klar som eit egg 😄 Gle dykk godtfolk, for her skal det bli bra artig!!

IMG_2967.JPG

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Testikkelmord

No når eg har vorte ein drever bloggar 😜 og det går dagar der eg ikkje skriv, er det for at eg har stukket av frå ansvaret i Oppistua for ei stund. Heldige meg som har så fine folk rundt meg at eg kan gjere nettopp det stundom. Det er både godt og nødvendig med avbrekk. Det aller beste er kanskje likevel at eg etterpå lettere kan kjenne på, og være bevisst at eg trives med ansvaret. Jammen bra at det er godt å komme tilbake til (for nokon illekuktande) arbeidsdressen 😄 Nok om det!!
I dag hadde eg ei litt selsam oppgåve. Det var på høg tid å kastrere geitekillingen Storm. Han er dverggeit, så hundeburet var meir enn stort nok. Da kunne eg velge ei rimeleg løysning med å ta han med inn til dyrlegen i bygda. Han var ikkje akkurat stille på tur inn, men det gjekk bra. Etter å ha vorte traktert med den største tanga eg nokon gong har sett, (bedøvd ja, sjølvsagt!) vart han skikkelig mammadalt. Lente seg inn til kinnet mitt og trong mykje kos!! Gromming….
Heimat fann eg og min unge assistent ut at Storm var stille dersom vi var det. Så vi kviskra resten av vegen og Storm la seg ned og togg drøv. Mission easily completed. Skulle tru ein staut gut hadde sørga LITT over testikkelmord, men heilt greit for meg 😉

IMG_2966.JPG

Categories: Uncategorized | Éin kommentar

Hol på same staden

Til tross for at eg likte spesielt godt faget geologi når eg gjekk landbruksskule, så har eg ikkje lært noko vidare av det. Ein liten ting spekulerer eg litt på: kvifor kjem det stadig fram hol i vegen akkurat på same plassen?? Trur ikkje eg har sabortørar her, så det er vel ei heilt naturleg forklaring som eg sikkert forstår og veit, berre nokon fortel den 🙂

IMG_2044.JPG

Fine omgivelser eg arbeider i. Her på Follerø kor eg henta flis i dag

IMG_2045.JPG

Det er mang slags utfordringar, og ikkje alle kan ein forutsjå

IMG_2046.JPG

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Aleine i flokk

Rett som det er har eg kvalitetstid med kaffe og landbruksgruppene på facebook. No har vi kvinnene i landbruket diskutert kva det er å drive gard aleine. Det er alle varianter i det ganske land. For min del seier eg at eg driv garden aleine (i den grad det kan kalles å drive gard). Men eg er heilt klar over at det har vore umuleg å gjere alt eg gjer utan alle dei hjelpsame folka omkring meg. Eg blir audmjuk når eg tenkjer på dei.
I dag har eg vore på solrike Kvanne med ein av dei aller snillaste. Han har ei Sollid-sag, og med den skjær han tømmeret mitt til det materialet eg ønskjer meg. Skulle eg berre brukt eit av dei meir kjente sagbruka, hadde eg nok ikkje hatt råd til så mykje anna!

Alfahjelparen min meiner fjøsgulvet kjem til å halde i 100 år. Minst 🙂

IMG_2933.JPG

Categories: Uncategorized | 2 kommentarar

Bonde = skjellsord?

I går og i natt var eg på hundreårs jubileum til bondelaget. Ein feiende flott fest som eg rettmessig hadde gleda meg til. Og da kanskje ikkje mest for at eg skulle på fest, for no har eg faktisk vore på fest tidlegare i år(!) Men i dei åra sia eg arbeidd som gardbrukar har eg naturleg nok ikkje hatt mykje kontakt med gardbrukermiljøet, noko eg savna ganske mykje. Da er det stas å kunne få ta litt del i det att.
Eg har jo hatt æren av å være gardbrukar på ordentleg noko år. Men eg kalla meg aldri bonde! For meg er ordet «bonde» synonymt med «din jævla bonde». Eg vaks opp i ei tid med mang slags hets, men bondehetsen var ein av dei minst kamuflerte. Så eg har konsekvent bruka ordet «gardbrukar». Det er slett ikkje slik at eg har skjemtes av å være gardbrukar. Tvert i mot, for eg er utømmeleg av respekt for gardbrukarane. Men ordet «bonde» vart for min del ødelagt.
Under middagen i går vart nettopp ordets betydning og verdi teke opp. Spesielt ein av bygdas store språkressursar ordla seg så kløktig og klarsynt om ordet «bonde» at eg for første gong i mitt vaksne liv følte ein spire av motivasjon til å gje bonden ein sjangse.
Kven veit. Kanskje eg ein dag kan tittelere meg sjølv som «BONDE» 🙂

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

John Lord er IKKJE homo

To testosteronbunter i eit harem er mykje bråk. Derfor ga eg i fjor bort brama-hanen John Lord til ein venn og gardbrukerkollega. Etter ei tid vart det spekulert i om John Lord er homo for det vart slett ikkje noko av dei ønska kyllingane etter at hanen kom i hønsehus.
Vår flotte Jerry Lee Lewis vart desverre til revemat i vår, og da var det svært lett å få tilbake den inkompetente Lorden.
I dag var det ein uvanlig lys pipelyd i verpekassa! Oppistuas aller første heimeproduserte kylling var eit faktum 🙂
SÅ…. kjære, gode naboer på andre sia av fjorden. Eg kjem snart på kaffe og vil i same slengen sjå litt nærmere på hønene i hønsegarden….. 😉

IMG_2042.JPG

Det fungerer visst slik at det kjem til minst to dyr i slengen her, så kyllingen kom ut av egget same dag som eg henta bekkeren på vakre Valsøya. Da er det håp for lam til vårs!

IMG_2043.JPG

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Ildprøve ikkje bestått

I over eit år har eg vore spent på om Lia kunne bli ein god gjerterhund. I dag tok vi endelig turen til Sander van der Loo, den profesjonelle gjeterhundtreneren i Valsøyfjorden i Halsa. Der fekk vi først ein flott opptreden med hans eigen hund for å sjå korleis det KAN være. Så var det testing av Lia. Til tross for litt collie- blod i årene hadde eg ganske bra håp da Lia no har vore manisk oppteke av geiteflokken i lengre tid. Men geit og sau er da vitterlig ikkje det same!!? Ehh…geit har horn… Kva anna kan det være som gjorde Lia berre måtelig interessert? Sander kunne nok lett lese min overstadige barnlige lyst til ei anledning til å realisere barndomsdrømmen med trening av gjeterhund. Dertil vanskelig å formidle dommen. Men mest av alt er eg resultatorientert, så det går bra. Lia skal trenes på geit her heime, eg har fått med meg studiemateriale, og ein gong i framtida blir det min tur på lista til å få kjøpe ein kvalp som garantert har dei gena som skal til for å kunne oppnå det optimale. Alltid noko å glede seg til 🙂 Men uansett ein kjempeopplevelse å besøke Lonneke og Sander!

IMG_2915.JPG

Categories: Uncategorized | 2 kommentarar

Sofadager

Små og relativt store planer vart avlyst denne veka, da minstemor plutselig trengte sykepleier. Har derimot nok ein gong fått ein runde med NRK’s serie «Fjellgården i Trollheimen». Eg er stolt av å være frå samme kommune som familien Kårvatn og Tone Søyset. Så dyktige og inspirerende folk! Enya og eg tok faktisk kvarandre i handa på at NO skal vi begynne med klatring! 🙂

For den som trivest best ute, et det jammen godt at ein må ut ein tur uansett innesituasjon, for å stelle dyra. Dei byr på mykje rekreasjon på mange vis. Men når ein veit at alle har det godt der ute, går det heilt fint å rigge seg til ved sofaen igjen 🙂 Med utsikt til blå himmel og sjø, og sola som skin atter ein dag, om så berre på andre sia av fjorden…

IMG_2896.JPG

IMG_2037.JPG

IMG_2040.JPG

IMG_2039.JPG

IMG_2041.JPG

IMG_2038.JPG

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Gryende sauehold

I går var eg på besøk i eit sauefjøs. Der var det koselig, rolig, romslig, lyst og reint. Sauene strakte seg etter litt kos med oss passerende. Hmm…ganske annerledes enn her heime i Oppistua! Ein fjerdedel av sauefjøset manglar no gulv, halve er fortsatt halveis kufjøs, mens den siste fjerdedelen har fått sauefjøsgulv. Sauene (alle åtte 🙂 stod i ei klynge så langt unne meg som dei kunne komme når eg flytta gjerdet deira i dag. Det er eit lite stykke att før dei kjem for å få kos, kan man si. Fint da, med ein positiv kamerat som stadig hevder at dette blir bra, for no er eg godt i gang. Mmm 🙂
.

IMG_2858.JPG

I dag har eg gått og humra litt heile dagen etter å ha lest ein rasende god artikkel av ein dyktig sambygding. Eg kjenner meg att i det meste ho skriv. Eg kan og føye til for dei som har samme sære aversjoner mot shopping som oss, at dei jentene som snart kjem med kjeledresskolleksjon for damer kaller seg for «Traktorpikene».

Kos deg med eit utsnitt av Norun’s kvardag:
http://radikalportal.no/2014/05/18/fasadekvinner/

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Blogg på WordPress.com.