Monthly Archives: juli 2013

Strawberryfields forever

image

I dag starta eg dagen med å plante eit brett med Tagetes i jordbæråkeren. Det skal bidra til å halde midd og insekt unna. Forhåpentligvis….. 🙂

Tagetes i brett

image

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Seinere på dagen hanta eg embalasje i tilfelle det blir behov for det 😉 Eg kan ikkje tenka meg ein trivelegare plass å handle på enn nett der. Alltid ein triveleg prat i verdens flottaste omgivelsar. Berre sjå utsikta! Langt der framme ligg Torvik 🙂 🙂

Så etter ein kvil i hengekøya i tunet, vart eg også i kveld beordret opp på verandaen der eg fikk jordbær servert i forskjellige varianter. Kaja elsker å ordne overraskelser til kvelds og eg elsker smoothien hennar!! Mmmmm

 

 

 

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Den nye jenta vår saman med pappaen

20130717-001746.jpg

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Heimkomst

Eg har no vore ei veke på ferie, og det var som alltid utruleg godt. Men når eg såg meg omkring her heime, og fann den eine overraskelsen etter den andre, vart eg atter fyllt til randen av den boblande entusiamsen for det eg held på med. Og på turen fekk eg fyllt opp att inspirasjonskontoen, så no står det bra til her 😉
Overraskalsene som venta meg heime: jordbæråkeren var ferdig stella (såg ikkje ut da eg dro!), både grøne og raude jordbær i åkeren min derav dei raude tom. var søte og gode(!!), bed og hage var luka og eit brev i postkassa som må tyde at eg fekk BINGO sist eg fylte ut alle rutene i skjemat for å få innhenta tilskuddet for å sluttstille restaureringa av naustet. Da vert vel riksantikvaren nøgd ei lita ri, og. Og no skal eg ga meg ein tur og sjå på dei nye gjerda som drengen har satt opp 🙂 Ja, og sjå om den nye kalven, sjølvsagt…..

Innimellom skal eg fortsette med å sette sammen denne bloggen. Uerfaren som eg er, går det svært treigt. Fleire sider skal på plass for å beskrive det forskjellige innhaldet i Oppistua.

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Fordi at…..

No har eg i mange år slete ut dei i rundt meg med å legge planer, planer, og nye planer for Oppistua.  Åra går fort og no satsar eg stort på å forandre litt på saken. Eg skal i tida framover slite ut dei i rundt meg med å realisere noko av nokre av planene. I tilegg til å legge nye planer, kanskje…. Det heile bunner i mitt engasjement for garden og omgivelsane omkring. Eg leikar meg fortsatt gjerne på sjøen, i skogen og på fjellet, slik eg var så heldig å ha fri tilgang til som unge. Eg ønskjer videre at fleire skal få samle gode opplevelsar ute i naturen, og kanskje aller mest: at barn og unge skal få eit nært forhold til det naturlege og slik gje dei forståelse for naturen og dermed ønske om å ta vare på dei verdiane.

Dagane eg jobber (skritt for skritt) mot etablering, er ofte for meg nærmast i overlag spanande. Vanskeleg å vite, men muleg nokon annan kan finne det noko interessant og. I alle fall vil denne bloggen bli den einaste markedsføringa i første omgang.

 

Categories: Uncategorized | Kommenter innlegget

Lag ei gratis nettside eller ein blogg på WordPress.com.